- This topic has 4 replies, 3 voices, and was last updated 2 weeks, 4 days ago by
Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
24/06/2026 at 22:48 #4802
Rune HanssenKeymaster
Kvalitetspel med god flyt og smakfull suppe av synd.
25/06/2026 at 08:23 #4805Sten Ole
ParticipantFantastisk spel!
Gameplay-messig er det ein snedig action-selection-mekanisme som baserer seg på å flytte ein sjel som ikkje har funne ein endeleg plass i helvete (eventuelt å betale Charon for å frakte ei ny sjel inn i helvete). Der som sjela ender opp, lager ei begrensing på kva actions du kan gjere i Florence (med mindre du bestikker Charon). Her er mykje av det du gjer er å bygge og samle.
Hovedmålet er å sende syndarar til helvete. Prosessen er enkel. Du kan anklage ein usynlig NPC på ein av plassane du har vore. Han blir selvfølgelig drept og sjela hans blir klar til å fraktes over elva Acheron. Og så må familiemedlemmet som anklagde, som også er ein av arbeidarane dine, gøyme seg i tårnet ditt for å beskytte seg mot hevn. Når du har anklagd ein syndar av ein viss type, har du egentlig “kjøpt” deg ein “aksje” i justisen mot den typen synd.
Aksjen til synden er koblingen til helvete. Å fylle sirkelen i helvete for syndene du spesialiserer deg mot er målet ditt, anten med syndarar av rett type, men også av andre som kanskje ikkje høyrer heime der. Når Dante har gjort ferdig heile reisa si gjennom helvete, er det ikkje gode rutinar i helvete for at alle sjelene skal få rett straff. Kor full sirkelen i helvete er seier litt om aksjeverdien på aksjen din. Det er også ein liten formalitet at du må skaffe deg eit diplom innenfor synden, og det er ikkje enkelt.
Spelet har akkurat passelig mengde crunch samtidig som at det er lettspelt og har gode tematiske koblingar. Du kan ergre deg over kva andre gjer som øydelegger dine planar. Du kan tidvis havne i tvangssituasjonar som fører deg inn i lånsregisteret til Charon, eller spelets skrekk: ein family council, det ulimate nederlaget.
Dette spelet er eitt eg som eg kan tenke meg å spele ofte. Det anbefales sterkt for alle som likar både euroar og hybrid-mytologi. 10 av 10 piskeslag.
—
Reglar, reglar, reglar…
Lån
Du kan også ta opp lån for kostnader som ikkje er obligatoriske. Om du av endar opp med negative poeng, må du bokføre dette på ein måte til du kjem tilbake i pluss.12/07/2026 at 22:19 #4821
Rune HanssenKeymaster
Ny runde med 4 spelarar. Funka greit samanlikna med 3 spelarar. Einaste eg merka var at Dante gjekk litt seinare, men det har kanskje med planane me hadde, og kanskje eit større ønske om å bruke flest mogleg arbeidarar.
13/07/2026 at 10:12 #4822
Marius BlomParticipantFått kverna litt meir på spelet.Eg trur Dante gjekk litt tregare enn det kanskje burde fordi vi ikkje heilt forstod konseptet med «accuse» i starten. Når den mekanikken først fall på plass, gav fleire av vala meir meining.I tillegg trur eg hovudgrunnen til at brettet blei så fullt ikkje var at vi var fire spelarar, men heller Cerberus. Mange sjeler blei skremde heilt til enden av eit move i staden for å gå alle stega til sirkelen sin. Då måtte vi stadig legge ut nye sjeler i staden for å flytte rundt på dei som allereie var ute.Artig spel. Det blei kanskje litt mekanisk til tider, og noko av stemninga forsvann litt undervegs, men samtidig trur eg det kjem av at vi framleis er på oppdagingsstadiet. No som vi forstår spelet betre, trur eg flyten blir betre og at meir av det som gjer spelet spesielt kjem fram. Eg speler det gjerne igjen.
27/10/2026 at 09:04 #4964
Rune HanssenKeymasterSist spel kom Minitauren i drift for første gong. Eg engasjerte meg i å lage eit helvetes helvete i helvete med han, men fann raskt ut at han var komisk plagsom og brukte opp ressursane mine feil.
Eg følte eg sleit med å halde tritt med dei andre spelarane og fekk ikkje til å skaffe meg diplomar nedover Dante-trappa.
Positivt nok enda spelet mykje jamnare enn eg frykta. Bra når slitet ditt ikkje er forgjeves.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.