Inis

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3126
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Inis

    War of whispers og Kemet med overdose av sneaky bruk av ein heller liten kortstokk.

    Spelet er fengande med stemningsfulle komponentar. Mykje går ut på å vere listig og slå til på rett tidspunkt.
    Må testast med 5 spelarar.

    #3127
    Sten Ole
    Participant

    Disclaimer: Eg er totalt inhabil.

    Eg trur spelet vil vere veldig annerledes avhengig av kven du speler med. Potensial for kortvarig diplomati og lovnader. Potensial for at alle tar kollektivt ansvar for å ta ned ledaren til ei kvar tid. Potensial for at folk ikkje tar kollektivt ansvar og sniker til seg seieren. Potensial for nyttige idiotar. Potensial for at alle bare rusher mot win-conditionen. Spellengden vil variere, men vil sikkert vere lenger om folk veit kva dei gjer på.

    Eg meiner spelet er eit slags Anti-Kemet. Alt som du gjer i Kemet, gjer du ikkje i Inis, og omvendt – På godt og vondt. Kemet handler om drap og opprustning. Inis handler om posisjonar, skjult makt og samarbeidaktighet (må ikkje forvirrast med samarbeid). Fred i Inis skaper vekst og instabilitet der spelet kan bli vunne. Krig har ein tendens til å nullstille kartet og rydda dei verste juksekorta ut av hendene på folk.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.