Kanban: Automotive Revolution

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2468
    Sten Ole
    Participant

    Kanban

    I dette kompliserte mosteret av ein eurogame, jobbar spelarane på ein fabrikk drevet av den notoriske slavedriveren Sandra. Me jobbar saman, men konkurrerer om å vinne hennes gunst. Me henter designidear frå designkontoret, henter deler på lageret, setter saman bilar eller vidareutviklar dei og til slutt så tester me dei på testbanen.

    Alt handlar om å krangle til seg arbeidsstasjonane som ligg an til å gi deg æren for det kollektive arbeidet. Det er også viktig å ta opplæringskursa som fabrikken tilbyr for å bli sertifisert, ellers vil ikkje Sandra ta deg seriøst.

    Dette spelet var vondt å lære, men når reglane var 99% på plass så gjekk spelet veldig fort og glatt. Det var mange kule og unike mekanikkar som fungerer veldig godt – Ei perle av eit spel så sant du kjem inn i det. Verdt strevet.

    Spelet let deg spele både med snill Sandra og slem Sandra. Eg trur kanskje slem Sandra er å foretrekke fordi då gir spelet ein grunn til å ikkje vere sist på utdanningstracken og ein grunn til å vere først, mens med snill Sandra handlar alt om å vere først.

    Reglar, reglar, reglar…

    Assembly Line
    Når du setter inn ein del i ein bil, får du stolen frå demand-brikken, ikkje av at bilen blir trykt gjennom porten mot testområdet. Dette gjer assembly til ein litt meir brukbar aktivitet og gir grunnar til å ikkje berre trykke gjennom grønne bilar.

    Administration
    Du får lov til å jobbe i berre eitt anna department, altså for eksempel ikkje både assembly og testområdet. Denne tida kan kombineres med trening i administrasjon.

    Stolar
    Om du kan bytte raude stolar mot stolar i møterommet, så må du gjere det. Dette gjeld ikkje midt i eit møte.

    • This topic was modified 4 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.