Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #4518
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Kinfire

    #4519
    Sten Ole
    Participant

    Kjekt workerplacement-spel. Muffens kunststil som av ein eller annan grunn irriterer meg, kanskje fordi karakterane minner om cosplay-folk heller enn “ekte” fiksjonsfigurar. Kultistar truer spelarane og gir ein potensiell (men litt kjedelig) alternativ måte å vere med i spelet om dei ikkje klarer seg med tradisjonelle victory points. Det virker som at denne stien berre bør utforskes om alt anna er totalt håplaust.

    Eg synes 6 spelarar var litt mykje fordi det var mykje nedetid, stort potensial for at ting blei blokkert før det blei din tur igjen, litt få arbeidarar å spele med, og i den egentlige setup-prosessen kan det vere greit at kanskje nokre dårlege rolle/farge-komboar ikkje blir påtvunge spelarane.

    Har eit par regel-presisseringar under, men ikkje noko revolusjonært. Regelspørsmål vil i stor grad sikkert omhandle decrees, threats og research cards som kan vere litt uklare på korleis dei fungerer i detalj. Og det ser ikkje ut til at det er lagt ut noko ressursar på nettet for å få dette klarlagt. Eg trur uansett det er viktig at vi leser lover og threats høgt når dei kjem siden det såg ut til at nokre hadde element som var viktige med ein gong. Det gir også stein-kongen forvarsel om at alle steinane hans blir knust om han ikkje gjer tiltak.

    Eg må spele det meir for å “sjå” kva det har å by på. Det var eit flott spel.

    Reglar, reglar, reglar…

    Artisan
    Artisan-skillen gir patron-bonus også på plassar som ikkje er oppgraderte. Det vil sei at dei er kanskje ein av dei betre arbeidarane egentlig.

    Sentry med samme effekt
    Du kan ha fleire sentry’ar som gjer det same.

    Tax
    Det var kanskje ikkje tydeleg, men du skal betale skatt også om du bruker turen din til å arrestere ein kultist.

    Crisis
    Kriser blir kjørt etter at vedtatte lover har blitt kjørt.

    Lighthouse-skade
    Om skaden på lighthouse sender lighthousemarkøren under null på slutten av ein runde, får kultistane ein ekstra hidden threat som gir poeng på slutten av spelet.

    Kultist-posen
    Dersom posen går tom før du har trekt så mange kultistar som du skal, skal det ikkje trekkes fleire. Posen blir ikkje resetta før den svarte kultistleiaren faktisk blir prosessert.

    #4520
    Jarle
    Participant

    Eit kjekt spel! Eg synes ikkje nedetida var eit problem eigentleg; det føler eg gjerne i andre spel for 6. Problemet var heller at det blei for fullt på brettet, noko som gav få/dårlege val. Trur eg hadde to rundar der eg ikkje fekk gjort noko anna enn ærend. Då trur eg det hadde fungert betre med 5, som også berre hadde hatt 2 workers kvar, og dermed fleire ledige felt. Men samtidig opnar det jo seg opp område om ein arresterer kultist også då, men… Men altså nedetid; nei. Kvar runde gjekk eigentleg ganske raskt, synes eg.

    Tematisk var det heilt fint. Eg bekymra meg for kultistane, kikka på fyrtårnet som vart bygd, reiste rundt i byen og oppgraderte plassar. Eg koste meg med det, og då kan eg ikkje klage.

    Til det Sten Ole har funne ut, er det vel berre det med Sentryar som påverka sist runde. For om Rune då hadde fått valt den andre x5 brikka, hadde vel han potensielt enda opp med + 15 VP meir eller noko slikt, og kunne potensialt vunne heile driten. Men men; eg er nøgd med å ha klart over 50 VP og at kultistane ikkje vann.

    #4522
    Sten Ole
    Participant

    Eit par til gjennomspelingar, prøvd med både 3 og 4 spelarar.

    Erfaring viser no at bøker er den ultimate ressursen. Dei er uforholdsmessig mykje betre i forhold til kva ein ellers får til å hente utpå brettet. Dette er ikkje nødvendigvis ein dårleg ting, men det undergraver det meir ærlege ressurskonverterings som ein kan gjere i spelet. Kultistane har vore stort sett irrelevante sjølv om me supplerer byen og tårnet lite eller ingenting. Det skal mykje til for at kultistane skal få 100 eller meir poeng sjølv med maksimal tilrettelegging. Kultistane er nok sterkast med 5 spelarar fordi då er det berre 3 arbeidarar per spelar og ingen sjette spelar til å svekke kultistane. Decree-systemet ser ut til å vere lite lukrativt utenom å spe inn vinnarstemmer som siste spelar i runden. Det koster for mykje å investere inn i det og gevinsten er relativt låg.

    I forhold til reglar har det no vore ein del problem rundt korta i spelet. Tolking av bok-kort, threat-kort og decree-kort må ofte gjøres der og då utan reglar å støtte oss på. Minst eitt kort har utan tvil feiltrykk fordi det gav ingen meining. Dette er litt synd når det er store vinnarar og taparar i den tolkningen er som totalt vilkårleg. Det kjem nok ein errata på BGG ein eller annan gong, men til då er dette (for meg) litt plagsomt.

    Men, den egentlige grunnen til at eg skriv her i kveld er for å varsle om at Mason-rolla i spelet må bannlysast når ein speler med 3 spelarar (og sikkert også 4). Denne rolla gir automatisk for mykje makt med å, i praksis, gi ein ekstra action ca annan kvar tur, pluss ein påliteleg poeng- og inntektskjelde som er større enn kva dei andre rollene kan konkurrere med. Evt kan ein nyte spelet slik det er. Det er ikkje det einaste spelet med balanseproblemer som me har (eller har hatt) i klubben.

    Spelet forsetter å vere kjekt, men det føles litt uferdig ut, eit par endringar unna å vere heilt fantastisk.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.