Maracaibo

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #2736
    Sten Ole
    Participant

    Maracaibo

    Reglar, reglar, reglar…

    Quests
    Kort 75 som me bruker når med ikkje speler campaign forteller oss om plassar på kartet som skal ha quest tokens. Me skal ikkje bruke legacy-brikkene. Dette er berre i campaign. Det kjem ikkje nye quest tokens på explore-tracken. Plassar med ein tømt quest token hoppes over som om det var ein speler der. Det burde fikse nokre av problema med quests.

    Siste felta
    Felt 20, 21a, 21b og 22 kan berre brukes til det som står på dei, ikkje til main actions. Free actions er fortsatt lov. Eg tok altså feil, men dette var uklart i regelheftet. Betre forklart i ein FAQ.

    Planning Area
    Du kan såvidt eg kan sjå aldri plukke opp kort frå der. Den einaste måten å renske dei vekk er å kjøpe dei.

    #2837
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dette var først tipsa om av Thomas som gjekk for Mombasa framføre dette. Etter å ha testa Geeat Western Trail og Mobasa, var det ikkje vanskeleg å gå for dette. Reglane er lettfattelege om du har spelt brettspel før. Det vanskelege er å gjere det beste ut av dei fire rundane ein har med mange valg, og meistrar du fleire ligg du godt an. God replayability og engasjerande innhald.

    #2842
    Sten Ole
    Participant

    Maracaibo er eit spel der ein tilsynelatande seiler rundt aleine i Karribien, legger sin eigen kabal med kort og opparbeider grunnlag for eigne poeng. Men dette er heilt feil.

    Planen din blir forkludra heile tida. Andre skip leverer varer og metter etterspørselen. Andre oppdagelsesreisande tek bonusane som du skulle ha. Questane “dine” er det andre som fullfører. Andre spelarar booster land som du ikkje har innflytelse med. Og kanskje verst av alle er den jævelen som freser gjennom sjøen i 100 knop. Spelet avsluttes då mens du ennå er i ein oppbygningsfase.

    Spelet legg opp til at du må overvåke motstandarane. Du må av og til gi opp den optimale handlingen for å kapre ressursar som ellers blir tatt frå deg. Ofte er det best å gi opp Spaniakampanjen din når du ser at England har fått fleire piratar som allierte. Spaniakampanjen kan du gjenoppta etter at du har blitt England sin nye poster boy. Om nokon heiser til fulle seil og reiser fort, må du korte ned planen din til det heilt essensielle.

    Om du er heldig stemmer alle desse snuoperasjonane godt med korta du har på hånd og pengane du har i skattekista di. Om ikkje så får du nøye deg med nest-sisteplass foran Rune.

    #3775
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dei to første gongene eg spela dette spelet, elska eg det. Hadde det på 1. plass på kåringa årsmøtet 2021. Har så spelt det nokre gonger igjen sidan då. Framleis eit veldig kjekt spel, men merkar at eg jaktar litt meir på poeng, enn rein “nytelse”. Så problemet er meg, ikkje spelet. Dei første gongene berre farta eg omkring, utforska jungelen, sloss i krigar, traff spennande folk, etablerte handelsstasjonar og lot vinden ta meg der den ville. No tel eg ruter for å lande på rett plass i jungelen, ser på kva land som gir meg mest poeng i krigen, ser på verdiar på korta, byggjer stoppestadar om det gir gevinst og tenkjer kynisk i høve å ta oppdrag og plassar før andre. Det har jo berre med innstilling å gjere; eg kan sikkert endre meg tilbake igjen.

    Eit anna spel eg hadde det slik med, var Lost Ruins of Arnak. Der storkosa eg meg dei første tre-fire gongene, før det glei over i å sjå brikker og poeng heller enn skumle farar og mystiske oppdagingar. Kanskje det er “naturleg” utvikling? Usikker. Maracaibo er framleis eit veldig gøy spel med veldig mange moglegheiter; sist speling hadde veldig ulik spelestil, der me alle tre enda på over 200 poeng og innanfor 10% av kvarandre.

    #3777
    Sten Ole
    Participant

    Eg opplever det som ein kombinasjon. Spelet er sentrert rundt kortene. Når eg får 2 sailors og ein harbor på førstehånda mi, så styrer spelet meg mot å utnytte den synergien, få ein fornuftig økonomi og bruke dette vidare i spelet og føre mykje krig. Om du får shipbuilder og innkeeper så går du for assistentar. Om du får explorer og pioneer så blir du styrt inn i jungelen. Det er korta du får som bestemmer historien din. Sjølv om du har ein kynisk tilnærming til poeng, så blir det ein historie. Loanshark Diego er for eksempel alltid ein figur som er levande for meg, om eg velger å rekruttere han eller ikkje.

    Noko som er fint med spelet er at det ikkje er ein strategi som er tydelig dominant. Så det blir ikkje sånn at alle gjør akkurat det samme. Dermed blir det ikkje 4 like historiar som blir fortalt, som regel. Ironisk nok så blir det slik at om fleire gjør det samme, går det betre for dei som gjer noko anna. Det blir manko på kortene som jobber godt saman med strategien.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.