Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4851
    Sten Ole
    Participant

    Mare Nostrum fekk eg spele for andre gongen etter mange år. Eg hugsa det som eit litt tamt area control-spel med økonomisk utvikling. Inntrykket blei løfta etter fredagen. Det er egentlig ikkje langt unna game of thrones med juksepowers du kan kjøpe deg underveis og asymmetriske startposisjonar.

    Asymmetrien gir opphav til styrken og svakheten til spelet. Det gir spelet ein bestemt meta, som spelarar enten ser og kan utnytte. Evt er dei blinde for det, og motstandarane får kanskje ikkje den motstanden som dei fortener. Eksempel frå i går er at eg vant i går ved å utvide litt, få ein megaøkonomi ganske tidlig og bygge pyramide. Her var det sikkert Roma sin jobb å knuffe, evt at bordet oppfatter situasjonen og hindrer at Carthage får dei rette handelsvarene. Eg antar dei andre faksjonane har liknande mulighetar og forhåndsinnstilte motstrategiar. Svakheten med spelet kjem fram når faksjonar fristiller seg frå dei innebygde maktforholda i spelet og berre gjer som dei vil, trur eg. Eg trur om det er eit slikt spel ein ønskjer seg, er nok Clash of Cultures meir egna.

    Men ja. Som system synes eg spelet er genialt.

    Eg tok ein liten regelpurge. Fant it at ein ikkje treng å gå inn i eit område for å ta kontroll, så lenge ingen andre står der eller kontrollerer frå før. Elles gjorde me ting (stort sett) rett.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.