Meteor

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2717
    Sten Ole
    Participant

    Me fekk i alle fall eit lite innblikk i korleis dette spelet er. Eit par reglar var me usikre på.

    Retrofit – Spelarar kan spele 4 ulike eller 4 like rakettar, evt 4 like eller ulike energi-ting. Det utløyser at alle spelarane som heilhet får 5 kort (ikkje 4). Det betyr at retrofit er ein måte å tjene kort på og som kanskje er ein fornuftig bruk av ressursar tidlig i spelet. Du viser retrofit med å legge ned fleire enn 1 rakett eller energi utan at prosjekt trenger det.

    Meteor mulligan – Frivillig regel som gjer at ein kan trekke eit nytt sett med meteorar dersom meteorane i setupen er spesielt vonde.

    Det står at nybegynnarar bør begynne med communication satelite i spel for å gjere at spelarane ikkje famler rundt i mørket. Det står også som tips at ein ikkje bør starte eit prosjekt som trenger same energitype som eit anna som ikkje er ferdig. Då er dette, logisk nok, ein energitype me manglar.

    Spelet virka som eit kult og energisk fillerspel, men det tek tid å lære seg symbolikken, så dei første gongane blir det nok hyppige pausar for å vite kva symbola betyr.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.