Mombasa

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • Author
    Posts
  • #2676
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Mombasa

    Interessant spel med gøy kortmekanikk som lett fører til feilprogrammering. Greie reglar og passe tungt uten at ein får slag.

    #2677
    Sten Ole
    Participant

    Fire kvite menn koser seg rundt eit bord og samanlikner regnskapsbøker for blod-diamant-utvinning i Afrika. Dette er kanskje det minst politisk korrekte spelet eg har vore med på (kanskje med unntak av Cards Against Humanity spelt med “feil” folk).

    Men… herlige mekanikker og reglar det går an å leve med. Du kjøper deg inn i nøytrale faksjonar på eit kart som Imperial, War of Whispers og 18xx-spela.

    Du har intrikat kortspeldynamikk som gjer at dersom du har ein god bananrunde så er alle framtidige bananrunder middelmådige.

    Det er full krig på brettet og nesten alt du gjer fører til at nokon andre på brettet tek skade. Tommel opp!

    Einaste negative eg vil dra fram er at om ein virkeleg speler dette spelet for å vinne, så studerer du discarden til motstandarane og “teller” kortene dei kjøper inn for å peile inn kva dei speler på rundane sine. Dette er ikkje spesielt vanskeleg (om du gidder). Når alt kjem til alt er ikkje dette ein gøy måte å spele spelet på. Det er heller ikkje gøy å spele mot. Eg hadde kanskje foretrekt om discarden låg skjult frå motstandarane. Litt uvisst om eg er enig med meg sjølv om dette siden det tek litt “skill” ut av spelet.

    #2678
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Veldig gøy spel! Eg støttar alle positive kommentarar om Mombasa.

    Til Sten Ole sin negative kommentar, så gjeld jo dette mange spel. Tenk drafting i Terraforming, kortkjøp i Through the Ages og veldig mange andre spel. For dei som vil, må ein gjerne bruke tid og energi på å studere motstandaren for å optimalisere eller sabotere, eller ikkje/lite.

    Eg ser ingen behov for å snu discard-bunkane i Mombasa. Om nokon vil sjå kva eg har i discarden og så gjette på kva bunke eg kjem til å ta opp og kva kort av min no nye bunke eg kjem til å leggje ned og kva eg skal bruke dei på, for å utifrå dette leggje vekt på kva kort ein sjølv skal trekkje, velje og så spele i håp om at mester-planen går…så skal dei få lov til det.

    #2679
    Thomas Thomsen
    Participant

    «Fire kvite menn koser seg rundt eit bord og samanlikner regnskapsbøker for blod-diamant-utvinning i Afrika. Dette er kanskje det minst politisk korrekte spelet eg har vore med på (kanskje med unntak av Cards Against Humanity spelt med “feil” folk).»

    Mulig eg gikk mot spilldesignerns ønsker med mine forklaringer av spillets mål og mening her. Angre ikkje på det ?

    Enig i det som er sagt av positivt. Utrolig mangen element samla i et spill. Imponerende at det funker uten at det blir komafølelse i hodet av det. Ein har alltid noe å gjøre. Om noen kjøper bananene eller kaffien din, flott det er ikkje bortkasta likevel for da tar eg heller min bomull og bytter til meg en sterkere posisjon i Cairo Exploits AS.

    Ser den negative delen du nemner Sten, men er nok en stund til vi kjem dit ettersom en har så mye å tenke på rundt seg sjøl. Og iogmed at ein har så mangen muligheter så vil den type spill sikkert ikkje ha så stor innflytelse på andre sin turn. Gjenstår å se men ikkje så redd dette som deg.

    Gleder meg til ny runde for å se om vi kjem til å spesialisere oss i en retning, og om vi går ulike veier tydeligere en igår. Hva er lurt/best/smart? Ingen peiling enda, og bryr meg heller ikkje.

    Eg skal skrive videre i mi bok om hvor mye diamanter eg stjal, hvor god deal eg fikk på markedet, mye peng eg fikk lurt unna, og hva eg solgte min aksjer til Okefe for før eg lo heile veien hjem.

    #2680
    Sten Ole
    Participant

    Eg problematiserer kanskje alt for mykje dette med synleg discard. Det er fordi eg trur nesten heile spelet handler om kva kort du speler. Om du klarer å hacke spelet slik at du veit kva andre speler, så har du vunne. Motspelet mot dette er å gjere det same.

    Då har du 4 spelarar som sit rundt bordet og stirrer på discardane til kvarandre. Problemet mitt med spelet då er at folk må studere andre sin player board som alltid er plagsomt både for kikker og for offer. Det er ein av grunnane til at TI4 ligg langt nede på lista mi siden der også må du lang-distanse-spionere på motstandarane dine for å ikkje drite deg ut.

    Men… spelet er bra. Eg bare klager litt frå eit designperspektiv. I praksis blir nok spelet tatt fram så sjeldent at me har nok med å lære oss reglane på nytt kvar gong.

    #2681
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg trur dette berre er eit problem for dei som tenkjer slik. Eg vil også tru at dette går på bekostning av å ha det gøy. TI4 blir nemnt; sidan det er på topp 5 hos meg, må eg få kommentere:

    “Det er ein av grunnane til at TI4 ligg langt nede på lista mi siden der også må du lang-distanse-spionere på motstandarane dine for å ikkje drite deg ut.”

    Eg gjer ikkje dette; likevel klarar eg meg ganske godt og held som sagt spelet veldig høgt. Når eg angrip, blir eg gjerne overraska over at motstandaren har utvikla super-teknologi som gjer at han moser angrepet mitt. Flott; då har eg lært det, det var kjekt for han eg angreip (og sikkert fleire), og eg gjer ikkje det same igjen. Eg sit ikkje og følgjer med på alle sine ting og tang rundt meg; eg nyt spelet, gjer ting eg vil og følgjer med så mykje eg føler eg treng.

    Så også i Mombasa; eg synes spelet var veldig kjekt slik det var, koste meg og dreiv på med mitt og såg akkurat så mykje eg trengte på andre. Om eg skulle ha “hacka” spelet, måtte eg brukt så mykje tid/energi på det, at det hadde gått utover gøy-faktoren. Og til motsetnad ifrå kva mange trur, “må” eg ikkje vinne alle spel eg speler – det viktigaste er å ha det gøy, der eg samtidig jobbar mot å kanskje vinne. Men om det å vinne går på bekostning av å ha det gøy, driter eg i det.

    #2682
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det viser seg at dette med «hacking» og «innleving» er spelestilar som eksisterer blant folk i klubben. Interessant tema.

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.