Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4555
    Sten Ole
    Participant

    Overraskande nok har vi ikkje hatt “diskusjon” på dette spelet før. Det er eit spel som Rune hadde ei stund siden, men no har Sturla fått inn BIG BOX versjonen av spelet der alle ekspansjonar er inkludert.

    For å summere opp tidlegare kritikkar mot spelet, har det for min del i hovedsak vore at synlegheten på kva bygningskorta gjere er ikkje fantastisk. Det er ein butikk med bygningskort som med rein skrift forteller kva dei gjer. Fordi det ikkje er ikoner, så er det vanskeleg å på avstand vurdere kva slags element i spelet dei påverker. Nusfjord er også opphav til begrepet “Nusfjord-syndrom” som er ein tilstand der du ikkje veit kva som er med og mot klokka. Dette er fordi turane skjer med klokka, men at first player markøren flytter seg mot klokka.

    Gjensynet med spelet har eigentleg gjort meg mindre kritisk til spelet no enn eg var. Det er eit Uwe Rosenberg spel som har påprinta “Advanced Level” istedenfor “Expert Level”. Det betyr egentlig at det er ein relativ lettvekter.

    Spelet er enkel worker placement med tre ressursar i form av tre, fisk og penger. Victory Points er målet, som alltid. For å maksimere dette gjeld det å bygge båtar, bygge bygningar og samle erfarne gamlingar. Fleire båtar betyr meir fisk. For å samle tre må du drive skogsdrift. Gamlingane spiser fisk, mykje fisk. Noko ein ofte bør gjere er å servere fisk til det lokale eldresenteret for å halde liv i den eldre garde.

    Me spelte denne gongen med ein ekspansjon som gav oss gjester som ein ekstra ressurs. Dei gjorde diverse ting i spelet, men eg lurer på om eg kanskje synes at dei boosta økonomien for mykje slik at alle hadde overflodsproblem. Dei gav rabattar, hjelpte å servere på eldresenteret eller kunne settast som ekstra fiskarar. Kvar gong ein speler Nusfjord så velger du ein stokk du vil spele med. Gjestestokken er ein av dei du kan velge mellom.

    Det som held spelet oppe og gjer det gøy er blokkeringen mellom spelarane og måten du ikkje får så mange actions til å gjere alt. Blokkerte actions er ein stor begrensing i handlingsrommet ditt. Berre eit visst antal båtar kan bli bygd, eit visst antal skogar kan felles, eit visst antal serveringar kan skje osv. Det betyr at sjølv om du har eit ønske om å gjere tre navngitte actions på ein tur, så er det langt frå garantert at du får lov til det. Det morsomme er at ofte timingen på ønsker mellom spelarar vil vere lik. Det vil sei at når du treng ein ekstra båt er sannsynligvis akkurat samtidig som når dei andre vil ha det.

    Favorittspela mine i Uwe Rosenberg-verden er nok fortsatt Feast for Odin og Fields of Arle, men dette er ikkje langt bak.

    #4562
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Rosenberg har mykje bra, men ikkje alt han lagar er like tilfredstillande.

    Nusfjord er ein merkeleg vinkling av fiskekulturen i Lofoten der Rosenberg må ha røyka tørrfisk med lut under utviklinga. Spelmekanikken kan vere gøy om ein fokuserer på å bygge bygningar og mate samiske gamlingar ut frå koseleg lefse- og kaffe-feeling.

    Om ein vil vinne, tvingar spelet deg inn i psycho mode med stress og koftedans utan reinsdyr, pluss gulrotstuing til makrell (som nordlendingar flest meiner er kun brukande som agn) og ein dæsj gull. Vidare er fiskearmadaen sett saman av luksus-yachtar frå dei franske feriekoloniane.

    Om dei siste linjene ovanfor virkar rare for deg, er det akkurat slik spelet kjenst om ein prøver å finne logikken.

    Synd at tematikken er som bestilt frå Syd Barret.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.