Nytt lokale?

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 18 total)
  • Author
    Posts
  • #2098
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har nemnd for nokre av dykk at Gaute Lund har teke kontakt for å lufte ideen om ein «speleklubb» i Kvinnherad. Ein klubb der ein spelar brettspel, rollespel, miniatyrspel/maling og eSport (PC).

    Han meiner kommunen, men særleg Sparebankstiftinga og Kvinnherad Energi, vil kunne gå inn og sponse ein slik klubb mykje. Hyperion betalar jo også ca. kr. 500 pr. medlem i året, og med å utvide aktivitetane, vil også medlemstalet auke.

    Eg nemnde for dykk at kanskje US kunne vere eit lokale for noko slik; me kunne ha lagra spela på biblioteket slik som no (er jo korridor inn til US der), og så nytta ulike rom på US til ulike aktivitetar. Problemet er at US er i bruk som US 3-4 dagar i veka; dei dagane vil me ikkje ha tilgjenge der. Det hadde nok gått, for US har faste dagar; om me hadde fått resten (3-4), skulle me nok klart oss.

    Thomas har kome på eit nytt lokale; SFO på Undarheim. Det var ein lur og betre idé. Det er i bruk på dagtid, men ikkje på kveldstid. Såleis er me ikkje låst av at nokre vekedagar er det stengt (slik som US vil gjere).

    Eg sjekka huset i dag; det er sju ulike rom der, samt kjøken og toalett. Om me skulle gått for noko slik, måtte me jo sjølvsagt ha nøkkel og rydda opp etter oss. Fleire av romma er ganske store, og med ei lita investering, skulle me nok fint fått løyve til å setje inn låsbare skap til å ha spel i.

    Lokalet hadde fungert fint om klubben hadde blitt ein slik speleklubb også; nok av rom til at fleire ting kunne skjedd samtidig i ulike rom. Gaute har halvvegs sagt ja til å vere «leiar» for eSport-delen. Så finn me ein leiar for rollespel og miniatyrspel/maling, så får alle kvar sin nøkkel og kan avtale speling når det passar slik det passar.

    Så…eg tenkte å berre høyre med rektor på Undarheim i første omgang om bygget er ledig til slikt, for at me kan vurdere om dette noko å gå vidare med.
    Thoughts?

    #2099
    Sten Ole
    Participant

    Personleg synes eg at US-idéen er meir egna til å få klubben til å vokse enn ei løysning på lokal-problemet; og tilfører eit “problem” om tanken er at medlem må følge opp ungdommane. Kven skal gjere dette?

    SFO Undarheim er kanskje eit alternativ, men dette lokalet blir ofte brukt til bursdagar, så det blir nok tidvis konkurranse om kven skal få bruke det. Sannsynligvis vil det bety at rommet må bestilles god tid i forhånd kvar gong noko skal skje. Borda som er der trur eg heller ikkje er perfekte. Tvilsomt om det egner seg for superklubb-idéen.

    Uansett, bra å fortsette å sondere begge mulighetane. Eg ser problem som kanskje ikkje er der. Eit par konkrete samtalar vil vise kva som lar seg gjere.

    #2105
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Som leiar i Kvinnherad brettspelklubb er det mitt hovudansvar å innfri to mål ifrå årsmøtet; vurdere moglegheita for alternative lokale til klubben, samt få opp talet på reelle spelarar.

    Sekundært kjem ønskjet utanfrå om å få til ein Superklubb; der har eg eit visst personleg engasjement for å få det til, for å kunne skape eit miljø for barn/unge for å spele RPG, male miniatyrar, eSport etc.; rett å slett ein «nerde-misjon». Men dette er altså sekundært.

    Eg meiner likevel at ein kan sjå desse i samanheng; då tenkt lokale i første omgang. Om klubben finn eit eigna lokale som samstundes opnar opp for andre nerde-ting, mogleggjer det eit Superklubb-potensiale. Og berre for å vere tydeleg om ein slik Superklubb; om det skulle bli realisert, vil det vere ulike avdelingar i ein slik klubb med kvar sine ansvarlege leiarar. Som nemnd i første innlegg, vil då t.d. Gaute vere ansvarleg/leiar for eSport, eg kan vere for brettspel, Mr. X på rollespel etc.

    Så til det med lokale. Det har vore eit ønskje om alternative lokale. Eg skisserar kort:
    Biblioteket: Her kjenner alle dei ulike pros et cons. Det har fungert, kan fungere vidare, men har som kjend sine svakheiter.

    KVV: Dette har me fått løyve til å bruke. Har der fleire gode rom, gode bord, innelåste tileigna område til å lagre alle spela våre om me vil etc. Bakdelen her er at det må vere ein ifrå KVV med for å opne og slå av alarm. Pr. i dag er dette meg, Anders, Leif Kristian og Ola. Me er ikkje alltid med, noko som vanskeleggjer dette som fast lokale. Men som alternativt lokale er det jo greitt. For øvrig vil KVV truleg vere lite eigna til ein Superklubb, då det igjen trengst folk ifrå KVV til å opne etc.

    US: Her er pros et cons allereie nemnd. Største con her er nok tilgjengelegheita. US er i bruk måndag, onsdag, fredag og søndag. Dvs. at potensielle dagar for brettspel/Superklubb er tysdag, torsdag og laurdag. Her veit eg også at US er mykje brukt til bursdagar; me har leigd det fire gonger før og eg har sjølv levert ungar i fleire bursdagar der. Likevel kunne me nok få til ei ordning; om det blir ein Superklubb kunne nok den fått sine faste dagar, slik at US var låst dei dagane; eks. at me kunne fått tysdagar og torsdagar.

    SFO: Her er eg nok usamd med Sten Ole; eg har ungar som no går i 5. og 6. klasse. Dvs. at me har arrangert og vore i særs mange bursdagar oppover åra. Me har aldri vore i SFO-bygget. Eg veit at det har vore ein bursdag der, men kan nok representativt seie at dette skjer ganske sjeldan. Her har nok same kva rektor litt oversikt, noko ein samtale med ho vil avklare. Når det gjeld bord sjekka eg som sagt i går. Eg synes fleire av borda såg ok ut. For SFO sin del, treng jo dei berre eit bord når dei skal ha SFO. Klubben har pengar (og får potensielt veldig mykje meir pengar ved ein Superklubb) til å kjøpe nye bord tilpassa brettspel som SFO kan fritt få/nytte, men som då står klare når me skal spele.

    Flott med fleire innspel, slik at me kan lande på noko med lokale og fleire medlemmer.

    #2107
    Thomas Thomsen
    Participant

    Jau jau

    Superklubb, egne lokaler, masse nye spill sponsa av Hyperiob. Like it alot.

    Alt dette vil pushe nermere drømmen om ei spillmesse lokalt som skal bli Noeges største lett.

    Men ja på kort sikt angående lokaler:

    US lokalet er konge, men begrensinga i tid og at vi blir låst i dager vil holde oss der vi er idag frykter eg.

    SFO, aventer dom etter du har mer info fra rektor. Er det mulighet for Esport her?

    KVV er for avgrensa påmelding fra avgjørende aktører til at det er klubblokale verdigt. I mine øyne.

    Ikkje umuligt Kristoffer her kunne kjørt noe rolespill action.

    Kjem tilbake med mer tanker, real life calling ?

    #2160
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Update

    SFO: Rektor på Undarheim er positiv. Om det blir noko her, blir det skrive langtidsleigekontrakt med teknisk etat (det er dei som “eig” byggmassen). Så dette ser ut som ein option.

    Biblioteket: Eg var på foreldremøte på skulen i dag, og biblioteket skal lansere ein kampanje no for at endå fleire skal bruke biblioteket på dag- og kveldstid. Hm. Eg likar meg veldig godt der, me har vore der i mange år, men det var betre med eigen nøkkel og berre oss.

    US: Skal sjekke meir her.

    Kulturskulen: Der er det visst no same retningslinjer som for SFO; det skal vere mogleg å skrive langtidskontrakt med teknisk etat.

    Andre stader: Ingen forslag.

    #2162
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg veit kulturskulen har mange rom. Det som kan øydeleggje er lyden av «Boomf#*@ck @ss bazz», «Masters of skulldeath bloodhowling demon nights» eller ein sur fiolin.

    Saknar å vere i fred på ein nøytral plass utan pasientar, turistar eller sosialistiske kulturdemonstrasjonar.

    #geek_preservation #geek_reserve

    #2329
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Har høyrt med Sunde skule og kommunen om bruk av rom.

    Diverre har byråkratiet og politikarane laga eit system som kjem sånne som oss lite til gode. Det er mange faktorar som må spikrast om me skal ha eit rom tilgjengelg:

    – fritt bruk av tid er nærast umogleg sidan teknisk skal vite kva som skjer overalt til ei kvar tid
    – nøkkellån er vanskeleg grunna «sensitive» rom
    – alder spelar inn
    – varme må tingast

    Alt er avføring…

    Er me heldige så får eg ein telefon om særavtale, men lite truleg. Beste er om me byggjer eit hus sjølve.

    #2330
    Thomas Thomsen
    Participant

    Sku kjøpt oss ei slik brakke som arbeiderne rundt om bruker som kontor.

    Kunne vi isolert etc sjøl å bygd lokalet som ønska. Masse lagringsplass og stort bord etc.

    Hvor den skulle stått er ein helt ny utfordring ??

    #2331
    Sten Ole
    Participant

    Bra initiativ, Rune, sjølv om resultata uteblir. Det virker som at for å finne ei god løysning er me avhengig av person/-ar som er villig til å donere tid og krefter til å omgå reglar og systemer og i tillegg stå ansvarleg på vegne av klubben. Eg antar at kjøp/leie blir for dyrt. Kanskje me bør satse hardt på å rekruttere ein person på “teknisk”?

    Einaste alternativet eg ser er at me speler heime hos kvarandre. KVV har blitt testa, men hovedproblemet er at dei stoler på enkeltmenneske i klubben, ikkje klubben som heilhet. Me må nok innsjå at biblioteket, så lenge dei tolerer oss, fortsatt er den beste plassen.

    Biblioteket:

    + Gratis.
    + Tilgjengelig 80% av kveldane.
    + Toalett-tilgang.
    + Ikkje behov for å reinhald.
    + Treng ikkje booke rommet på forhånd.
    + Sentralt for dei som ikkje har bil.
    + Lagring i kjelleren.

    – Ikkje “herre i eget hus”.
    – Alltid smådetaljar som må jobbes rundt (bord, stolar, kan ikkje hive boss).
    – Litt anstrengt forhold til personalet pga punktet over og fordi me lagar ekstraarbeid for dei.
    – Progressivt mindre tilgjengelig.
    – Bestillingssystem som me ikkje har kontroll på.
    – Berre 1 nøkkel.

    #2332
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Trude Hege fortel om auka bruk av møterommet. Ho seier biblioteket også har div. arrangement, der måndag til torsdag er vanlege dagar. Desse arrangementa nyttar også møterommet. I tillegg er det folk som ønskjer å booke rommet på fast basis. Ho har allereie sagt ja til nokon som vil booke det kvar tysdag og onsdag (trur eg det var).

    Løysing: For å bruke rommet, kan også me finne ein fast dag. Då måtte me kome med forslag. Me kunne også sjekke heimesida til biblioteket for ev. arrangement; om det ikkje var noko, hadde i alle fall ikkje dei møterommet. Men det kunne framleis hende at nokre andre hadde booka det, som Guatemala-komiteen, konfirmasjonsundervising etc. Det var ingen fast booking-system på dette, enn å snakke med dei i opningstid, så skulle dei sjekke/leggje inn på Outlook.

    Så: Me kan framleis vere der. Men meir «utestengd» enn før. Me bør tenkje alternative lokale. Difor har eg som kjend undersøkt kommunale tilbod. Kva er gratis der?

    Som frivillig organisasjon kan me leige skulelokale gratis; me kjem nemleg under «Arrangement/møter i regi av frivillige lag og organisasjonar». I høve det Rune skreiv ovanfor, var nok det tenkt meir som leige på vegne av enkeltperson. Men som frivillig organisasjon kan me altså leige gratis skulelokale.

    Og kva er skulelokale? Det er klasserom, SFO-bygg, grupperom, kjøken og møterom rundt om på skulane. Mitt første forslag er difor å bestemme oss for ein fast stad, eks. SFO-bygget, eit møterom på Undarheim skule eller klasserom på Sunde skule, og så få langtidsleige på det. Det er ein fordel å kjenne nokon som jobbar der, slik at me lettare kan få til lagring av spel etc.

    Mitt andre forslag er å leige eit «utleigekontor» eller «møterom» einkvan stad. Det er nemleg slik at vi som organisasjon også kan leige gratis «Diverse utleigekontor» og «Diverse møterom». Problemet er at me veit ikkje kor desse er før me spør; me må altså då be om oversikt med kor desse ligg, kor tilgjengelege dei er etc. Men dei finnes altså!

    Eit tredje forslag er Kvinnherad frivilligsentral. Eg anar ikkje kor mykje den er i bruk eller korleis lokala er, men den kan vi også leige gratis.

    Eit siste forslag er å betale for rom. I t.d. Kulturskulen kan me leige møterom for ca. kr. 250 pr. gong. Men med så mange spelingar som i fjor, vil klubben bruke alt på leige…
    Men her var vel litt forslag å tenkje på..?

    #2335
    Sten Ole
    Participant

    Det kjem tilbake til den store bøygen med å finne ein fast dag. Dette gjeld vel også ved leige av skulelokale eller anna kommunalt lokale. Evt vil det vere mulig å leige eit rom kvar dag sjølv om me ikkje bruker det?

    Alle forslaga som er gratis høyres fornuftige ut. Det enklaste er vel sikkert rom på skule/SFO. Sunde er meir transportfiendtlig enn Undarheim. Kanskje Sunde er bra siden Rune kan scoute det perfekte rommet og kjenner alle kroker. For min del kan Jarle kjøre på med den løysninga han synes er best siden har har snakka med flest, sett mest og har makta til å forhandla på vegne av klubben.

    Uansett kva me finn ut må me kanskje vere forberedt på at ting ikkje blir perfekt.

    #2336
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ps: Ja, eg tenkte i alle forslaga mine at me har eigen nøkkel og finn eit rom som er ledig akkurat når me vil (dvs. utanom kl. 08-16 på kvardagar).

    #2351
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Friheim

    Dette lokalet er ikkje så verst med nyoppussa kjellar og fine toaletthøve. Nøkkelsystem i kodeboks på eigedomen til Sturla kan gå fint.

    Jarle – du har nok «influence» til å kontakte klanane på Kaldestad og ordne lokale for oss rare menn.

    #2352
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Friheim; spennande forslag. Eg skal kontakte klanane på Kaldestad!

    Eg har for øvrig kontakta kommunen med ei lang “ønskjeliste” på ledige lokale me kan leige gratis som blir “våre”. Eg reknar med svar i neste veke.

    #2399
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ok, oppdatering ifrå Tenerife: Eg har fått avtale med kommunen om å leige gratis SFO-bygget på Undarheim skule kl. 18-24 kvar tysdag og søndag ut juni 2020. Me får eigen nøkkel.

    Me vil ha bygget for oss sjølv, og får beskjed i førevegen om skulen har behov for bygget på desse tidene.

    Så no har me SFO-bygget tysdag, biblioteket torsdag og laurdag, og SFO-bygget søndagar. Det skulle gi oss ganske stor fleksibilitet.

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 18 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.