On Mars

Viewing 7 posts - 16 through 22 (of 22 total)
  • Author
    Posts
  • #2641
    Sten Ole
    Participant

    Reglar…

    Når du bruker ein action der det står fiendeatbeidarar, kan du betale for tilgang med krystall(ar) som normalt. Ein annan mulighet er å flytte arbeidar(ar) til arbeidsfeltet.

    #2642
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    On Mars ser meir om meir ut som eit spel som er kjekt og mogleg å vinne for dei som hugsar mange reglar. Då kjem reglane først, og gøy-faktoren sekundært, slik eg ser det. Det er allereie fire regel-oppdateringar på dette spelet; det kjem kanskje fleire og truleg har me få spel som har så mange regel-innlegg. Då mistenkjer eg at gøy-faktoren heng saman med om du klarar å hugse reglane og ikkje at du gjer ting du har lyst til, sjølv om desse tinga sjølvsagt heng saman. Begge deler støttar opp under at dette nok ikkje er eit Jarle-spel, sjølv om eg forstår at det nok er veldig kjekt når ting er under kontroll. Men igjen er eg berre Djevelens Advokat og eg tippar spelet i utgangspunktet er veldig bra, men smak og behag og syn på regelkontroll begrensar nok entusiasmen min til å investere veldig masse tid i spelet, når det finnes så mykje anna gøy der ute.

    #2643
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg har hatt det gøy gjennom alle versjonane av spelet så langt.

    Om ein gjer regelfeil, blir eg motivert til å «meistre» igjen. Det at eg har det kjekt og trur eg får til noko, og ved speleslutt ligg i driten poengmessig, er perverst nok også motiverande.

    Nobody is perfect ?

    #2644
    Sten Ole
    Participant

    Eg trur det er 20% sikkert at du vil like spelet basert på andre ting du har uttalt deg om. On Mars må ein derimot ikkje forveklse med andre lacerda-spel fordi det er så mykje meir interaksjon og take-that-øyeblikk. Det er nok likevel ein tidsinvestering å lære spelet, spesielt om dette oppleves som arbeid og ikkje som gøy.

    Regel-innlegga her på forumet heng nok saman med at me har lært spelet meir med å ta på brikkene enn å lese gjennom reglane og se på filmar. Då kjem reglane gradvis inn. Ein liten kritikk av On Mars er også at regelheftet og player-aidane og spelebrettet ikkje er perfekt.

    Gjennomspelingane for min del har likevel vore gøy. Me har stort sett stått likt regelforståelsesmessig. Og når me har spelt “feil” så var feilen gjeldande for alle, og som regel ikkje så alvorlege at spelinga blir ugyldig (men ein kan jo stille spørsmål til kva som foregjek når eg ikkje var med).

    #3006
    Sten Ole
    Participant

    Rune modererte vekk posten min, så her er han omtrentlig på nytt…

    Errata for On Mars-speling på 13.03.21:

    Construction av tiles
    Du treng berre å bruke ein tech tile når du skal lage complex (bygge ein tile på sida av ein lik tile). Tech-levelen skal vere lik antal brikker på brettet før du legger ned tilen. Dvs for eksempel ein toar-complex treng ein tech tile på det første “+1”-feltet på player boardet. Merk at det er mulig å bygge tile sjølv om LSS-brikken allerede har nådd toppen. Kan også nevne at det finnes executive actions på blueprint-kort der ein kan bygge tiles og samtidig booste tech levelen med å bruke mannskap.

    Rakettar
    Eg hugse å minne på at me ikkje kunne lage fleire rakettar enn kolonilevelen. Eg trur eg ikkje fulgte regelen. Eg er derfor diskvalifisert frå spelekvelden. Sølvmedaljen er på veg til Sturla i posten.

    Displacement
    Når du bygger ein Tile der det står ein bot eller droid, må han flytte på seg. Det er eigaren som bestemmer kor han ender opp.

    #3009
    Sten Ole
    Participant

    Erfaringar frå speling 17. mars 2021:

    Eg hadde Rune og Tor Inge som mine arge konkurrentar. Tor Inge startar i rommet. Rune på bakken. Eg velger å gå for advanced buildings blueprints i rommet fordi det gir ein brukbar motor med tidlege ressursar og executive actions som kan vere veldig sterke. Rune har ferjekontroll og set han slik at eg og Tor Inge er stuck i rommet i 2 turar.

    Eg havner etter kvart på bakken og lager ein bygning som hjelper meg å legge vann-tiles. Men eg manglar krystallar til å bruke han. Eg må derfor vente. Tor Inge har rekruttert hydrologen. Han snapper vann-tile actionen. Eg kan no gjere same action, men den gir ingenting tilbake lenger. Eg taper tid. Eg blir sittande å slite. Roboten min står feil. Eg flytter han, men Rune bygger shelteret sitt slik at roboten no står endå meir feil. Tid går tapt.

    Eg går opp til romstasjonen for å produsere ressursar med mine advanced buildings. Det er lite å gjere der oppe. Tor Inge har tømt ressurslageret. Rune har tatt all techen. Blueprintsbutikken er tom. Alt dette fordi ingen byggjer tiles. Tid går tapt… igjen.

    Eg har ein plan no. Roboten min må reise opp til tile-typane som gjenstår å melke. Det er vanskeleg å kome seg forbi alle trebrikkene som står i vegen. Tid går tapt. Eg innser også at eg ikkje har god krystallinntekt og manglar folk. Blodkara i hjernen sprekker.

    Eg har fire turar med actions eg bør gjere for å stabilisere. Ny robot er første steg gjennom rakettactionen som eg venta alt for lenge med. Det får den raude missionkuben til å flytte seg. Eg ser på tilstanden på brettet. Spelet er i fare for å slutte tidleg. Stress!

    Eg går inn i poengkalkulatormodus. Eg ser at luft-tiles gir meg 12 poeng. Det gjer eg utan å eingong vurdere andre ting. Kolonilevelen auker og spelet går inn i siste runde. Eg ser eg ligg an til 22 poeng, men så endrer konkurransen seg.

    Rune og Tor Inge konspirerer mot meg. Dei ser luft-tilen med mitt navn på. Tor Inge hamrer inn tung argumentasjon for sabotasje, og Rune følger på med å stjele luft-tilen. Eg må rive opp konvolutten merka plan B. Inni er det ein kontrakt som krever liten innsats og gir berre 9 lusne poeng.

    Tor Inge og Rune griner i avmakt når poengopptellinga begynner. Det viser seg derimot at min strategi var sterk på å starte opp og hauste poeng underveis, men Rune hadde fordel på samtlige end game-elementa i spelet. Sjokkerande nok går den lilla poengbrikken forbi den spygrønne. Hjernen klarer ikkje å prosessere resultatet etter overbelastningen. Men i det fjerne høyrer eg ein latter med portugisisk aksent som ler av meg…

    #3010
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dette er den beste skildringa av Lacerda-spela ever 👆🏻

    OnMars2000

Viewing 7 posts - 16 through 22 (of 22 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.