Pax Porfiriana

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • Author
    Posts
  • #1436
    Sten Ole
    Participant

    Pax Porfiriana

    Du er ein av fleire Hacendadoar (business-nissar) under regimet til president Diaz i Mexico. Du etablerer næringsliv, “beskyttelses”-tjenester, jernbane-tilknytningar med meir i konkurranse med dine motspelarar. Innimellom arrangerer du snikmord og sosial uorden for å befeste posisjonen som du etterkvart opparbeider deg. Det er underveis regime-endringar på grunn av lokalt militær, folkeleg opprør eller amerikansk intervensjon, samt økonomiske nedgangstider. Målet ditt er å under omveltingsperiodane er å vere nok involvert i den eksisterande politiske makta til å befeste makta i Mexico. (Evt å tjene mest penger om ingen får til noko politisk).

    Spelet bruker eit markedssystem der korta kjem dyrt inn på eine sida og beveger seg nedover markedet etterkvart som dei billegare kortene blir kjøpt. Korta er næringslivskort, tropper, angrepskort, partnerkort, eventkort og oppveltningskort (som gjer at ein spelar kan vinne). Korta gir opphav for inntekt. Korta er også klokka til spelet. Når korta blir kjøpt, kjem nye kort inn til alle omveltningskorta har blitt kjørt.

    Me spelte med 4 spelarar som alle kjelder seier er optimalt. Eg er litt ambivalent om heile spelet. Det var ikkje eit vanskeleg spel å lære. Du føler du bygger opp noko. Gjennom spelet ditt lager du ein økonomi, du dannar deg etter kvart ei politisk slagside og du får herja med motspelarane dine. Det er tematisk mykje som skjer.

    Det me opplevde etter kvart var at alle egentlig fekk godt med penger, så penger var ikkje noko begrensing lenger. Og korta på markedet var i stor grad ikkje interessante. Behovet for næringssliv var begrensa siden me alle var relativt rike. Angrepskort hadde den leie tendensen til å gi politisk makt til motspelarane. Fleire kort var politisk betinga og var potensielt inkompatible med andre kort du hadde. Konsekvensen blei at det var lite kjøp på markedet og spelet stoppa litt opp. Eg er litt i tvil om dette er noko som kan skje ofte. Har me feilkalkulert kva som er rett spelemåte? Eg kjente litt på lysten til å kjøpe på markedet, ikkje fordi det var lurt, men fordi ellers ville spelet stoppe opp.

    Ein annan “feil” på spelet var at det var mykje flavour text på kortene. Og det krevde litt fra oss som spelarar å filtrere ut det som var relevant informasjon. Det blei lettare etter kvart, men eg trur dette er noko som må trenes inn kvar gong spelet blir tatt fram. Dette er spesielt uheldig i kombinasjon med kanskje min mest mislikte spelmekanikk: Å ha ein meny med kort som me kan skaffe oss midt på bordet med masse tekst på. Til ei kvar tid er det 12 kort med masse tekst på. Det er fristande å lese 3-4 av dei og berre begrense deg vilkårleg at du ikkje vil ha dei andre likevel.

    Eg hadde det gøy. Men. Eg har ikkje lyst til å spele det igjen. Eg brukte meir tid på å reorientere meg om kva eg kunne gjere med å lese på markedet enn å faktisk prøve å styre gangen i spelet i min favør. Og spelet endte i vårt tilfelle som sagt med å vente på at nokon andre skulle få spelet til å gå.

    #1437
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Flott innlegg! Men kva med “Reglar, reglar, reglar…”?
    Eller; kanskje ikkje så interessant å kommentere/lese på reglar når spelet ikkje skal spelast igjen 😉
    Men det skal jo ikkje utelukkast at det var ein regelfeil som førte til stillstand..? Eller at me “spelte” feil? Eg spelte feil første gong eg prøvde Neanderthal, spelte rett andre gong, men ikkje så veldig bra for det, synes eg.
    Eg tek det fram ein gong seinare med ein gjeng og ser kva som skjer 😀

    #1439
    Sten Ole
    Participant

    Eg leste over reglane og det såg ut til at me gjorde alt rett. Me hadde eit par småoptions som eg ikkje var klar over, men dei var uvesentlege.

    #1440
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Alt rett!! Det fortener marsipankake!!

    #1441
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg hugsar det var mykje ting på korta men elles interessant. Ikkje spelt nok til at eg veit kva det går i. Kor lang tid tok det med fire spelarar?

    #1442
    Sten Ole
    Participant

    Setup ca kl 18:10ish. Jarle hadde eit kurs fra ca 18:20. Begynte å spele ca 18:40. Eg antar me var ferdig ca 21:30ish. Det kunne fort gått ein halvtime til om ikkje Einar hadde gjort ein megablunder. Det kunne også tatt ein time mindre om nokon hadde vunne tidlegare.

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.