Posthuman Saga

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #2540
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Verda er gått til helvete. Menneska lev i små isolerte samfunn i eit postapokalyptisk USA. Rundt omkring roamer muterte menneske og dyr som berre er ute etter å drepe deg… Du er ein av folka i The Fortress; ein festning midt i audemarka. Du blir så sendt ut på eit oppdrag, og spelet begynner.

    Dette spelet har mange unike mekanikkar og er ei blanding av brettspel og RPG. Kanskje mest RPG, og det er viktig å ha den innstillinga når du speler spelet. Det er mykje Story Events og du kan vere uheldig med både terningar og Loot, men slik er det i eit RPG.

    Det er mange måtar å skaffe Ære på (VP). Du startar som sagt med eit hovudoppdrag. Mitt siste oppdrag var å bringe forsyningar til eit laboratorium som forska på ein vaksine som kunne reversere mutasjonar. For å kome fram til laboratoriet, må eg reise i audemarka og bruke kart for å navigere. Eg må reise igjennom eit bestemt område, men sjølve områda/kartbrikkene, ligg i ein felles supply, og kanskje andre spelarar vil ha same brikker…

    Ein annan måte å få Ære på er å kartlegge kva som ligg omkring på områda. Då legg du ut Tokens som representerer funna dine. Her er det også ein tilleggsmekanikk, då desse må liggje i bestemte rekkjefølgjer for å gi VP.

    Alle område har Loot, anten mat, medisin, våpen, div. utstyr etc. Du byggjer opp karakteren din med XP undervegs, og du kan bruke XP for å kjøpe Skills, slik at du blir endå betre til ting.

    All kamp og skills vert gjort med kort du har. Når du bruker kort, blir dei Exhausta. Til slutt må du ta ein pust i bakken for å få tilbake kort, kanskje litt liv, moral, fatigue etc.

    Spelet har sju karakterar å velje imellom. Kanskje du går for ein god i ranged? Då har du kanskje moglegheit å Snipe fiendar før dei går i deg. Treff ein Mutant deg i kamp, får du sjølv mutasjonar, og det vil du ikkje ha…

    Klarar du hovudoppdraget ditt, får du eit Side Mission, samt ein ny story til hovudoppdraget ditt. Klarar du det også, er du klar for ein Boss fight. Klarar du å bekjempe ein boss, stoppar spelet den runden. Om ikkje, stoppar spelet etter runde 16.
    Eg har no spelt det to gonger og likar det godt. Ein må vere førebudd på at Story spelar eit viktig element her, men samtidig er det fleire lag med strategi. Skal du Forage for å leite igjennom området etter våpen? Og samtidig spele eit bra Skill-kort for å få deg ein alliert? Men då Exhauster du Skill-kortet, som garantert også er godt i kamp…

    Undervegs blir du også sett i ulike situasjonar; desse finn ein i ei eiga Story bok. Du har alltid minst to val korleis du vil løyse situasjonen, men basert på kva Followers du har med deg eller om du har fått mutasjonar, kan dette auke til fire. Så er det berre å tenkje Story og håpe du klarar å spele/trekke rette kort.

    Kamp er veldig enkelt og greitt, samtidig som det er spennande. Du har nokre kort du kan Safe med, samtidig som du må trekkje. Fienden triller terningar. Det er berre eitt kast, så er kampen ferdig. Kamp er såleis kjapt. Er du uheldig, kan du må Knocked out. Er du meir heldig overlever du, og får litt XP for å ha sloss mot fienden. Er du god, klarar du å drepe fienden. Då får du både XP og Loot.
    Eg er klar igjen!

    #2541
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg har berre spelt dette halvvegs. Det var ei god oppleving. Eg er klar!

    #2546
    Thomas Thomsen
    Participant

    Puslespill der en må planlegge langt frem og ha endel tur for å få rett sekvens i brikkene som gir poeng. Og ja alle sloss om samme sekvensen her så turn order har påvirkning.

    Rpg elementet er der, men blir ramponert og eller tilbakestilt av events og mutasjoner. Så ikkje legg en plan for langt frem.

    Er endel flaks/uflaks en ikkje rår over både fra terninger og trekking av kort.

    Spillet er medt en film, du gjør ting så gjør spillet ting tilbake som har all makt over deg samt kan ta fra deg tinga du har jobba mot.

    Alt eg nemner over er ting eg ikkje liker med brettspill. Merkelig nok koste eg meg gjennom heile kvelden. Var en veldig kul film. Bare sett første filmen i serien og gleder meg til oppfølgeren.

    Veldig lite downtime selv om det tok lang tid. Fra Jarle henta meg til eg var hjemme igjen gikk det 5 og en halv time. Med setup og pakke ned så car det nok en time mindre i spilletia. Så vil si veldig bra flyt i spillet.

    Events gjorde spillet for min del, kan irritere seg grønn over utfallet men mangen kule bilder av en story som kjem frem.

    #3742
    Sten Ole
    Participant

    Då har eg sett filmen Posthuman Saga også. Det er ein eksperimentell kombinasjon av eit poengpuslespel og ein storybasert RPG. Eg likte det, men det burde ikkje fungere som konsept. Blandinga av sjangre bryter alle brettspel-design-lover, men det overlever likevel kvelden med glans.

    Det er akkurat nok historie til at du gløymer den litt barnespel-aktige puslinga med terreng tiles og scavenge brikker. Eg drøymte meg vekk tilstrekkelig til at eg ikkje innsåg at det å vere last player gjorde at ingen av terrengene passa til å gjere del 2 av missionet mitt. Ikkje at eg hadde klart det likevel fordi karakteren min blei heilt ubrukelig uten ammo.

    Men eg hadde det gøy. Eg skaut ei dame med handlevogn for å stjele SMGen hennes. Eg spiste burger laga av mutantkjøtt med bare mindre bivirkningar. Dei historiane holdt meg i live mens 3 av 4 turar var basert på å sette plaster, sanke blåbær i skogen og finne ressursar som byen kunne bruke til å bygge ein gitar.

    Speletida var litt lang, men føltes kortare enn dei 5 timane me sat der. Tida forsvant i spelet. Sjølv om eg trur spelet ikkje held seg i lengden, var det definitivt verdt å dra fram for ein kveld. Me får dra det fram igjen når me har gløymt det om ca 3 år og oppleve det ein gong til!

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.