Quartermaster General

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #1729
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Quartermaster General

    Kabal i brettspelform. Artig når korta kjem i rett rekkjefølgje, deprimerande om ikkje. Axis-teamet verkar svekkelt samanlikna med Allies, men sikkert berre elendig koordinering av spelarane. Raske turar og kort speletid.

    #1730
    Sten Ole
    Participant

    Eg har (kanskje) fantastiske nyheter på regelfronten! Eg har ein teori om at kort har blitt tolka i litt for stor grad positivt.

    Det er ein viktig distinksjon mellom termene “build” og “recruit”, samt “battle” og “eliminate”.

    “Build” forutsetter at du har ein supplied unit inn mot der du skal builde.

    “Battle” forutsetter at du har ein supplied unit på sida av der du skal slåss.

    Land battle og build generelt forutsetter også at dei har supplied units på sida av. Dette veit eg at blei “juksa” på. (Unntak er at du får lov til å bygge på heimstaden din så lenge den ikkje er okkupert).

    Kan også nevne at eit land ikkje kan få poeng verken fra kort eller victory phase dersom hovedstaden er okkupert.

    Eg kan nevne at stemninga på BGG er at spelet er i dei allierte sin favør. BGG meiner derimot at balansen er bittelitt bedre når alle spelarane kan alle kortene, men fortsatt ikkje rettferdig. Så sjølv med bedre regelforståelse klarer me nok ikkje å reparere opplevelsen heilt. Det er litt synd fordi eg likar konseptet.

    Eg synes fortsatt det er eit triveleg spel. Eg skulle gjerne ha fått prøvd Axis berre for utfordringa sin del. Det er mulig dette er eit spel der me må fordele spelarar etter erfaringsnivå for å tune balansen i spelet.

    #1734
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Regleloppdateringa du kjem med endrar jo mykje! Eg som USA kunne ikkje gjort så mykje støy i Europa t.d. Blant mine kort hadde eg t.d. heller ingen «Eliminate» eller «Recruit». Eg har også lyst å prøve Axis!

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.