Rebel Raiders on the High Seas

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1975
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Raiders1

    Raiders2

    «Endurance» er stikkordet for sørstatane. Blåjakkene kjem sterkare og sterkare runde for runde. Plyndre og frakt handelsvarer frå Karibien for å halde hovudet over bølgjene i ein konstant kamp om å halde poengskalaen over null til siste runde.

    Tematisk rikt, men litt i tyngste laget på oversikt. Handa med kort er såvidt mogleg å ha kontroll på om ein vil unngå at spelet sloknar av analyse paralyse.

    Eigentleg greie reglar. Godt mogleg spelet veks dersom ein får trene seg opp. Synd det er så slitsamt.

    • This topic was modified 4 years, 9 months ago by Rune Hanssen.
    • This topic was modified 4 years, 9 months ago by Rune Hanssen.
    #1983
    Sten Ole
    Participant

    Dette er nok eit spel som må øves inn for å gli godt. Reglane i seg sjølv er greie som Rune seier, men det er ei halv novelle på kvart kort med prosess-informasjon som gjer det vanskeleg å ha kontroll utan å sakke ned tida på spelet. I tillegg er det forferdeleg mykje terningtrill som kan ta heilt av.

    Eg synst spelet blir litt rart når alt me kan bygge er båtar, men spelet har mykje landkamp som står sentralt for gangen i spelet. Landkampen blir likevel abstrahert med å putte ei kanon på kartet og trilla eit par terningar.

    Eg trur kanskje spelet passar best for historienerder som gjenkjenner personane og hendelsane på korta. Spelet krever også speler som liker medgang og ein speler som liker styrt avvikling.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.