Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Revenant
- This topic has 6 replies, 3 voices, and was last updated 1 week, 3 days ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
29/07/2026 at 02:45 #4826
Sten Ole
Participant(sjå for deg vakkert bilde av spelet)
Revenant, eit fantastisk spel som held god Mindclash Games-standard. Plottet er at du er i ein slags Battlestar Galactica-situasjon der du er i ein romflåte leia av romskipet Revenant er på flukt frå voidborns som meir eller mindre angriper alt og alle konstant. Men menneskeheten er jo selvfølgelig ikkje heilt på lag med seg sjølv. Fraksjonar blir styrt av ulike hus. Du blir vennar med nokre. Jo meir venn du blir, jo meir lønner det seg om deira skip kjem trygt fram. Det kan fort oppstå at skipene du ikkje har blitt så god venn med ender opp med å bli beordra til å ofre seg for resten sjølv om det på papiret kunne ha blitt avverga. Då er det jo berre beklageleg at dette er dei næraste allierte til nokre av dei andre spelarane rundt bordet. Sikkert heilt tilfeldig, ja!
Etter ein prøvespeling er det ikkje godt å seie kor skittent spelet kan ende opp med å bli. Erfaringen frå i kveld tilseier egentlig at vi heller blir distrahert av å hente ressursar på planetar og frå arkskipene, utdanne mannskapet og oppgradere fregattane våre. Delmålene tar heilt overhånd. Vi gløymer den kalde kampen om Victory Points. Forhåpentligvis kan spelet leve i det moduset.
Eg hadde det gøy. Reglane var ikkje vonde. Ikonografien klarte stort sett å halde deg vekke frå regelheftet sjølv om vi spelte spelet utan full regelførebuing. Det ulmar med uante komboar og dramatikk i skjelettet til spelet. Det er ein del å pakke ut og inn igjen i eska, men det var mindre vondt enn Voidfall. Eg trur favoritt-elementet var kor unike og spesielle oppgraderingane blei. Eg er også svak for spel der det er interaksjon og kontradiksjon mellom handlingane du gjer og det som gir deg poeng og gevinst, som Revenant i høgaste grad oppfyller.
—
Reglar, reglar, reglar…
Tiebreak på tactics-tracken
Brikken som ligger underst er best.Frigate upgrades
Det er ikkje ein generell regel at du må kjøre frigate for å bruke frigate upgrades på turen din. Dersom frigate-bruk er påkrevd vil dette stå ikonografisk på kortet.Kaptein-abilities og cadet-upgrades
Desse vil berre fungere på turen kapteinen eller den spesififkke cadeten blir brukt. Alt som står inne i “boksen” til kapteinen fungerer berre på turen når kapteinen blir brukt, i dei situasjonane som blir angitt ikonografisk.Frigate som dropship
Frigate får ein gratis “manouver” før landing akkurat som dropship. I motsetning til dropship, kan frigate kome tilbake opp fra planeten i samme era om kopieringsablitien er involvert (som i praksis gjer at frigaten kan brukes to gonger).Manouver og attack
Når du angriper med skip, er manouver og attack to ulike delar av actionen som du velger rekkefølge på, enten før eller etter. Strafing er einaste flyttingen som kan skje midt i angrepet (med mindre det finnes kort som gjer underlige ting).29/07/2026 at 08:09 #4827
Marius BlomParticipantArtig spel.
Eg prøvde å få litt stemning i starten med litt fluff rundt fraksjonane. Den stemninga varte om lag éi runde før fraksjonane blei reduserte til «den fargen», «den mørkare fargen» og liknande. Det hjelpte heller ikkje at fleire av husemblema var ganske like. Eg klarte derfor ikkje heilt å leve meg inn i historia, og spelet blei fort meir mekanisk enn tematisk for min del.
Det var også veldig mange ikon, kort og effektar som ikkje var sjølvforklarande. Her måtte vi stadig innom oppslagshefta for å forstå kva som faktisk skjedde. Heldigvis var forklaringane stort sett gode, men det blei mykje blaing fram og tilbake. Eg skulle gjerne sett at det følgde med fleire eksemplar, slik at vi slapp å vente på tur for å lese.
Sjølve spelmekanikken var ganske rett fram og enkel å forstå etter den første runden. Det eg likte spesielt godt, var at det ofte føltest viktigare å gjere ting eg hadde lyst til (og tilgang til) enn å jage poeng. Poenginnteninga hamna ofte i bakgrunnen fordi det eg prøvde å få til føltest meir interessant der og då. Dette er god speldesign i mine auge, og eg håpar den kjensla held fram neste gong spelet kjem på bordet.
Eg var meir opptatt av å få ein form for motor i gang utan at det gjekk altfor gale med «oss». I starten prøvde eg litt av kvart, men etter kvart fokuserte eg meir på det fraksjonen min faktisk var god på, og det trur eg lønte seg.
Det var første gong spelet var på bordet for alle, noko som gjorde at speletida blei unødvendig lang. For min del var eg litt utlogga den siste timen. Samtidig trur eg dette er eit problem som blir mindre etter kvart som vi får spelet inn under huda. Eg trur også vi kan bli flinkare til å gå vidare når ein spelar berre har bonushandlingar att som ikkje påverkar vala til dei andre. Der stoppa det opp ein del.
Alt i alt hadde eg ein bra kveld, og dette er eit spel eg gjerne prøver igjen. Med litt meir erfaring trur eg både flyten og tempoet blir betre. Einaste praktiske innvendinga er at spelet gjerne bør på eit stort bord, det er mykje komponentar i sving, og det blei fort ganske rotete hos oss.
29/07/2026 at 08:45 #4828Jarle
ParticipantEnig med begge! Det er masse Voidfall i dette, sjølv om det er av ein annan designer. I Voidfall var det slik at ein sette opp eit scenario, og det bestemte agressiviteten rundt bordet; ein kunne då gå for ein meir “pasifistisk”, lite krigersk runde, til ein som var rett i kamp og vill kamp med dei andre spelarane.
Slik ser eg også Revenant kan bli; avhenging av kva som skjer rundt bordet, kan dette spelet spelast på veldig mange måtar. Hadde eks. de andre starta å la “mitt” favoritthus bli målskjeve for Voidborn sine angrep, måtte eg gått ut og forsvart dei, angrepe Voidborn og køyrd ei heilt anna linje.
Det er full asymmetri i alle ledd, heilt frå starten, og spesielt etter korleis du byggjer opp skip og mannskap. Det var alltid noko “gøy” å gjere, og eg følte aldri eg hadde dårlege val; berre kjekke val. Det likar eg godt i spel, og Revenant er absolutt noko av det beste eg har spelt i år.
Kommentar til Reglar, reglar, reglar…
Tiebreak på tactics-tracken: Denne las eg feil; bra å få det oppklart.
Frigate upgrades: Dette lurte me vel ikkje på? Som du seier, står det jo på kortet kva “action” som utløyser effekten.Eks. Marius sitt Decontamination Chamber; har jo ikkje med fregatt å gjere (bortsett frå at tematisk blir det bygd eit slikt kammer på fregatten hans).
Kaptein-abilities og cadet-upgrades: Dette gjorde me jo også rett? Eks. min kaptein fekk berre utløyst sine eigenskapar når han besøkte Revenant. Me var litt usikre heilt i starten, men så fann me ut av det (igjen pga. ikonografien, som er ganske klar når ein “forstår” den).
Frigate som dropship: Dette gjorde me vel heller ikkje feil? Trur me spelte Fregatten heilt rett; om så som fighter eller dropship. Og at den kan brukast “fleire gonger”, er jo berre relevant om ein aktiverer Arkships eller tilsvarande som gir slik eigenskap (slik eg gjorde i første runde), men då er me jo ut i kjerna av spelet; at å bruke kombinasjonar med Arkships, Captain/Crew abilities, Captain-ranks-abilities, Frigate cards osv osv. let ein gjere masse rare (og gøye!) ting som “endrar” grunnreglane i spelet (slik som at eks. Marius kunne lande på okkuperte planetar osv).
Manouver og attack: Dette gjorde me jo også rett? Eg såg ikkje eksempel på noko anna. Men usikker om du har rett på det siste du skriv, at “Strafing er einaste flyttingen som kan skje midt i angrepet (med mindre det finnes kort som gjer underlige ting”? For det er jo veldig mange eigenskapar som gir ekstra movement, og sidan Strafe skjer rett etter du har øydelagd ein Voidborn, er det jo ikkje noko i vegen for å først skyte ned ein Voidbord, så Strafe til adjacent felt, og så bruke Maneuver, der du veldig ofte vil ha fleire movement. Men kanskje eg misforstod kva du meinte.Eg trur eigentleg det einaste me gjorde feil, var første punkt; det med Tie Breaker (bortsett frå Marius som pressa inn Dropshipet sitt i ein allereie full sektor av skip, men det fann me jo også ut av).
29/07/2026 at 09:43 #4829
Marius BlomParticipantDet er full asymmetri i alle ledd, heilt frå starten, og spesielt etter korleis du byggjer opp skip og mannskap. Det var alltid noko “gøy” å gjere, og eg følte aldri eg hadde dårlege val; berre kjekke val. Det likar eg godt i spel, og Revenant er absolutt noko av det beste eg har spelt i år.
Eit godt eksempel på dette er at eg brukte kun Ark Ship i runde 1. Etter dette var eg aldri på eit ark ship igjen(trur eg). Hadde eg spelt på ein annen måte ville eg kanskje brukt ark ship så mykje som mulig. I tillegg var eg aldri fysisk ute i min egen frigatt.
29/07/2026 at 16:54 #4830Sten Ole
ParticipantDet stemmer at dei fleste regeltingene eg skreiv var bekreftande for at vi spelte rett. Men eg tok dei med fordi dei var tvilsomme punkter mens me spelte. F eks cadet-regelen står ikkje skrive i regelheftet i det heile, og måtte finnast via ein faq for å vere heilt sikker. Regelen ang maneuver/attack er ein feil som også Paul Grogan gjorde på video og måtte endre etter dialog med designeren. Så den regelen er 100% sikker.
Mindclash får ikkje full score på redaktørarbeidet sitt, men det er heldigvis eit lett spel å grave fram regelsannhetar for.
03/08/2026 at 05:11 #4838Sten Ole
ParticipantLol… dansken Allan Kirkeby er designeren av spelet, ikkje berre ein random fyr på BGG.
09/08/2026 at 01:52 #4843Sten Ole
ParticipantTesta spelet igjen med 3 spelarar utan behov for opplæring. Fungerte bra. Tok ca 3 timar å spele. Mykje action der 4 faksjonar blei nesten verdilause og mange arkships falt. Revenant var aldri i nærheten av fare og ingen voidborns var igjen til slutt.
Fant eit cadet-kort med tvetydig forklaring som mest sannsynleg blir nevnt på ein framtidig errata. Offisiell tolkning ligg på BGG. Det var eit kort som også var i spel gongen før.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.