Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Kvinnherad brettspelklubb Forums Spela våre: erfaringar og vurderingar Robinson Crusoe: Adventures on the Cursed Island

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4563
    Sten Ole
    Participant

    Rc

    Dag 2: Sitter åleine igjen i leiren nok ein gong. Oppdraget? Å sette saman desse to pinnane slik at me kan bruke resultatet til ein spade. Lite visste eg at det låg ein slange i buskane på sida av. Bitt, men ennå i live, trur eg. Dei pinnane er heilt ubrukelige. Eg trur eg heller spikker eit spyd.

    Dag 3: Ok, nokon stjal spydet mitt. Aner ikkje kven. Dei andre kom heim med ein krokodille dei hadde drept. Dei var tause om korleis dei fekk det til. Fant forresten slangen. Eller kanskje heller at slangen fant meg. Og no må eg improvisere ein ny bandasje.

    Dag 4: Feber. Gøy. Alle klager over at eg ikkje har rydda i leiren mens dei har vore vekke og kost seg. Ingen la merke til gryta eg hadde laga så vi kan ha litt varmmat, men så har dei lat-hansane selvfølgelig ikkje henta mat til oss.

    Dag 5: Regn. Det var ikkje uventa. Den stormskya hadde me sett på horisonten siden vi kom. Det er ingenting i leiren å bygge ly med. “Maten” ligger og bader i den blaute sanden. Fyringsveden er våtare enn havet. Jaja, etter regnet kjem sola.

    Dag 6: Regn. Foten med slangebittet ser ikkje bra ut. Eg spiste opp all kjeksen vår som vi hadde spart. Eg angrer ikkje eingong. Jaja, betre vêr i morgon.

    Dag 7: Regn. Eit tre velta og knuste gryta mi. “Fin gryte” fekk eg som kommentar i ettertid. Eg velger å ta det som eit kompliment. Eg trur kanskje vêret har snudd. Eg aner ein betre dag i morgon.

    Dag 8: Full monsun. Klarer ikkje røre meg. Kokken hadde henta noko gjennomvåte trestokkar som han la symbolsk på haugen til signalbålet. For ein dust…

    Reglar, reglar, reglar…

    Alt for mange reglar
    BGG har eit 31 siders dokument med forslag til presisering av alt som er uklart i spelet. Det er latterlig mykje, og er open på at det ikkje er alt som er dekt av reglane og at det er to måtar å tolke seg fram til rett svar. Det eine er å følge mekaniske prinsipp i spelet. Det andre er å synse seg fram til det som gir mest tematisk meining. Eg nevner derfor berre eit par ting som er relativt eintydig.

    Gather
    Du får berre hente inn frå ein “source” per tile. Så Øya skal vere endå mindre gavmild enn det vi trudde.

    Future resources
    Alt som du får inn i løpet av actionfasen skal i future resources. Desse får laget førstlov til å bruke rett etter actionfasen.

    Weather phase
    På slutten av weather phase skal alle tokens på vêret fjernes.

    Flytte camp
    For å flytte camp, må palisade- og roof-levelen halveres. (For å i det heile tatt få lov til å ha roof/palisade må du ha ein shelter).

    #4564
    Jarle
    Participant

    Eg har spelt dette to gonger for lenge sidan. Tematisk, skapar det god atmosfære. Du føler verkeleg du er på ei aude øy medan alt gjer alt for at du skal ha det mest mogleg miserabelt, der du etter eit par rundar ser at det er ingen håp. Eg har berre spelt det første scenarioet begge gongane, og blitt knust begge gongane. Reglane var ikkje heilt tydelege, men me improviserte litt utan at folk klaga (sidan det er eit samarbeidsspel av slag og me kollektivt kom fram til tolkingar). Men det var framleis heilt håplaust. Eg trur om nokon hadde skrive reglane om heilt på ny, kunne det blitt eit langt betre spel. Det hadde nok gått greitt å bruke komponentane som er i eska, men tenkt litt nytt om ein del ting, i staden for å tweeke/tolke det som finnes. For eg likar atmosfæriske spel, sjølv om dei er vanskelege (me har nokre av dei), og ein oppdatert versjon av Robinson Crusoe med reelle håp om å klare ting med smarte val og litt flaks, hadde vore kjekt.

    #4565
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg trur du har «spelt» fleire enn to gonger Jarle. At reglane er søppel er velkjend. Det rare er at det er kome 2nd edition av spelet og at Awaken Realms har laga deluxe-komponentar. Om det er betring i reglane veit eg ikkje, men spelet er populært nok der ute i jungelen.

    Eg har gjennomført/overlevd scenario 1 to gonger. Første gongen var me så utslitte at me pakka vekk spelet. Andre gongen gjekk me rett på scenario 2. Antiklimakset er at ein føler same elendigheten med desperate forsøk på å overleve det neste døgeret.

    Likevel er eg einig med Jarle at atmosfæren med spelet er gøy. Eg trur det beste er å berre velgje kva som helst scenario og gå inn med full innleving og rollespele seg gjennom torturen. Det kan vere artig.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.