Root

Viewing 11 posts - 1 through 11 (of 11 total)
  • Author
    Posts
  • #1594
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Root

    #1597
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dei despotiske kattane har overteke skogen. Det første dei gjer er å sende inn okkupasjonsstyrkar overalt og startar ei storstilt industrialisering. Dette er eit hardt slag for dei aristokratiske fuglane, sidan det var dei som sat med makta før kattane kom. Mellom desse prøver så Skogsalliansen å skape harmoni og sympati, medan dei eigentleg er kaldblodige og effektive mordarar av alle som står imot dei. Og så har me den einsame omstreifaren som tuslar rundt og utfører sine eigne oppdrag og smiler og får venner, får han brått har hjernevaska dei og skubbar dei i kampar føre seg.

    Første gjennomspeling var vellukka og veldig gøy. Det er fire totalt asymmetriske faksjonar som står imot kvarandre. Det krever nok ein del gjennomspelingar for å vite kva som skjer, men du vil aldri ha kontroll. Det er nok det som blir det kjekke med dette spelet; når du veit kva du/andre kan gjere, men aldri kva som vil skje. Det er difor mange også har kalla dette eit slags sandkasse-spel; her er det fleire strategiar og vegar mot målet.

    Og målet? Få 30 poeng. Eller du kan i løpet av spelet hoppe av poengmålet og heller gå for å kontrollere sentrale punkt på brettet. På første gjennomspeling var kattane ein periode nær å kunne vinne på kontroll, men omstreifaren kom sterkt dei to siste rundane og gruste alle.

    Omstreifaren får poeng i hovudsak ved å utføre oppdrag, crafte ting, få venner, eller drepe fiendar. Men skal han gjere mykje av dette, må han bruke gjenstandar; gjenstandar han ofte stel ifrå dei andre spelarane. Fuglane får mest av sine poeng ved å etablere reir rundt omkring i skogen. Dei har ikkje gjenstandar som styrer kva actions dei har; dei må programmere runden sin kvar gong og feilar dei i programmeringa; vel, då vert det opprør i fugleleiren, leiaren vert styrta, poenga rasar, og ein ny leiar vert sett inn. Kattane får fleste av sine poeng ved industrialiseringa av skogen, men er også slagkraftige nok til å knuse andre sine plassar rundt på brettet og scorar poeng der også. Skogsalliansen får fleste av sine poeng på å spreie sympati rundt om på brettet, men ser han at mange dyr seg på same plass, går han ikkje av vegen for å sprenge alle til helvete.

    Som sagt; spelet opnar for veldig mange morosame øyeblikk og eg trur ein har dei gøy same korleis det går. Spelet er heller ikkje så langt og to timar speletid er nok realistisk.

    #1631
    Sten Ole
    Participant

    Root, eit snodig spel i asymmetrisk krigsspel-sjangeren. Root klarer å legge seg på ein kompleksitetesgrad som gjer det veldig tilgjengeleg. Mesteparten av det du treng å vite for din eigen faksjon står på player aiden din som også er spelebrettet ditt. Utenom er det eit par reglar som er felles for alle, f eks kamp og kort. Spelet har også ein relativt kort speletid. Dette gjer at sjølv om du ikkje har klart å spele optimalt eller om ting ikkje har gått slik det skulle, så er det emosjonelt overkommeleg. Spelet er eit diplomatisk kaos der alle prøver å holde tilbake dei andre og samtidig ikkje miste egen framdrift. Det er nok ein øvingssak å kunne oppdage faresignalene i tide til å stoppe andre frå å vinne, eventuelt klare å skjule endgame-trekket som gir deg sjølv seieren.

    Uansett, eg likte det. Minus med spelet er at det vil miste nokre dimensjonar dersom me ikkje speler med 4 spelarar.

    #1635
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Riverfolk expansion er i salg no. Opp til 6 spelarar. Er det noko å satse på?

    • This reply was modified 5 years, 1 month ago by Rune Hanssen.
    #1637
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Kanskje. Fleste seier fire er best antall, då det blir for mykje downtime med fem-seks. Men sikkert artig med to nye rasar (+ ny vagabond). Regelboka listar faktisk opp kva rasar som bør vere med ved ulike tal spelarar.

    #1638
    Sten Ole
    Participant

    Min tanke om dette er at det er ein god investering om me har spelt oss lei på hovedoppsettet og dei faksjonane som er i grunnspelet. Der er me nok ikkje ennå. Det er også eit spørsmål om spelet fortsatt er interessant i det heile etter at me har spelt oss lei. Personleg ville eg ha avventa sjølv om me risikerer at ekspansjonen blir utselt.

    5- og 6-player root frister mindre enn 4-player.

    #1682
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Root2

    Katten i skogen

    Heldigvis ikkje så deprimerande som Andean Abyss. Hadde dårleg etteretning på kva eg burde gjere mot dei andre dyra, og eg var usikker på kva eg burde prioritere av slåssing og utvikling.

    I alt kaoset gjekk pulsen likevel opp og det var komiske scenar undervegs. Fornøyd med at eg kom meg til enden av poeng tracken. Hysterisk morsomt korleis den snikande Vagabond Anders vann til slutt med å jafse til seg rundt 19 poeng og vinne sjiten. Burde banka han tidlegare i spelet.

    Usikker på om eg nokon gong vil få oversikt.

    #1684
    Anders Dahlberg
    Participant

    Det vart ei ganske nydeleg historie. Mesteparten av spelet tuslar Vagabond rundt, undersøkjer ruinar og finn nye venar. Gøymar seg bak eit tre når det vert kriging for nært. WA gjer det unormalt bra. Kattane er litt usikre men byggar seg stabilt oppover. Fuglane har nokre regimeskifte, men heng med i teten. Ein tenker dei sannsynlegvis har sigeren neste runde. Vagabond har eigentleg gitt opp håpet, poenggapet er for stort. So fiskar han i discard-pilen og augnar(?) ein moglegheit for ein del poeng, men ser ikkje enno alle konsekvensane av kaoset han straks steller i stand. Han snur tre hamrar og musene i skogen brenn ned alt og alle, inkludert slottet til kattane. Etter musalypsen snik han seg opp til WA, dei einaste uberørte av mussakren. Nok aid til å bli bestevenar, pluss litt til. God stemning. Etter tips frå seljaren sjølv trekk Vagabond fram armbrøsten han nett fekk og headshottar den einaste smågnagaren i clearinga. Han trekk deretter fram dei ubrukte sverda sine og raserer resten av sympati og basar. Totalt vart det til slutt nok poeng til å gå frå 12-ish poeng til siger på éin dag.

    God klaff med character som fiska opp rett kort, at vagabond fekk trekke i starten av birdsong i tillegg, sat med kun fuglekort, og at WA hadde crafta det som trengtes tidlegare i runda.

    Konklusjon, vagabond må sparkast inn i skogen med øydelagde ting ein gong eller to i løpet av spelet?

    #1685
    Sten Ole
    Participant

    3 hamrar, evt craftemulighet i 3 av samme clearingtype er farlig. Det viste også WA tidlegare i spelet. Men det hjelpte godt å ha 6 fuglekort på hånd i sluttspurten. Det morsomme var at alle var ein dag unna å vinne.

    Eg opplevde fugledatamaskinen som ekstra sensitiv for dårlige kort. Decreen lever sitt eige liv når dei første korta er uheldige. Men det er morsomt å sjå kaoset som oppstår og gjere det du kan med det du er tvunget til å gjere.

    Eg blei skremt av kor raskt WA kom i gang.

    #3128
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Okay!

    Kan spelet 50% no. Var fuglane sist og følte eg gjorde ein god jobb utan å ha kontroll på dei andre. Alle havna veldig nær siger og alle spelte sine dyr godt.

    Som fjærkre er kanskje dominance-kort ein «lettare» måte å vinne på. Trur også det er viktig å ha så mange kort på hånd og i sirkulasjon som mogleg for å kunne slå til når det gjeld.

    Eg likar analysen undervegs som ikkje paralyserer deg, men gjer det heile spennande. Spelet er ikkje langvarig eller slitsamt. Berre pass på å ha ei positiv innstilling, og le av dyra på brettet.

    #3129
    Sten Ole
    Participant

    Dominance trur eg alltid er nesten umulig. Du må i praksis ha urimelig kontroll på kartet der alle får ein tur til å slå ut victory conditionen din.

    Eg trur me fekk ein grei gjennomspeling i går der alle var omtrentlig med. Det gøye er at alle kan bli dradd ned om det skjer i tide.

    Ein liten errata på vagabonden: Me spelte repair/unexhaust-delen rett. Eg aner at dette har blitt gjort feil før. Det som eg ser i ettertid ikkje blei gjort rett i går er at sverdet blei exhausta når vagabonden drepte. Å exhauste sverd er derimot å starte ein battle. Antall uskada sverd (både exhausta og ikkje) er max skade du kan gjere i ein kamp. Errata nummer 2 er at vagabonden får 3 items ødelagt når “alle units” i ein sone blir drept, f eks Woodland-Alliance-revolten. I sum trur eg dermed at Tor Inge gjekk ca i balanse på feilspeling både positivt og negativt.

    Etter å ha spelt kattane, ser eg no korleis dei “bør spele”. Dei er med tanke på reglar veldig simple. Problemet dei sliter med er at dei gjer veldig lite på turen sin. Kattane vil helst bare bygge i fred. Alle andre actions føles som tapt tid. Måten å holde kattane i sjakk er å hindre dei i å bygge – F eks angripe sagmøllene, truge med uprising/revolt eller kontrollere områder slik at kattane ikkje har plass til å bygge bygningar eller flytte tømmerstokker.

    Spelet er ein konstant diplomatisk kamp for å poengtere at dei andre spelarane står sterkt og må angripes. Evt, “Sjå på meg! Eg er flink til å hakke på vagabonden. No har du ansvar for å ta fuglane, herr harepus”.

    Men eg er overbevist om at dette spelet er eit forferdelig konkurransespel. Vinnaren i spelet er omtrent heilt random. Spelet er å oppleve dramaet i skogen.

Viewing 11 posts - 1 through 11 (of 11 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.