Scythe

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • Author
    Posts
  • #1207
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Vakkert action-selection-spel der spelarane er med i eit race der det er nødvendig å gjere det beste ut av turane sine før enden kjem.

    Scythe

    #1210
    Sten Ole
    Participant

    Eg er ikkje heilt venn med dette spelet. Komponentkvaliteten er topp, kunsten er fin å sjå på. Fleire av mekanikkane er geniale og lettfattelige. Men eg føler at visse delar av spelet virker malplasserte. Eventkortene virker poenglause, objective-kortene fungerer ikkje 100% for meg i nåverande form, popularitetsressursen er for viktig samtidig som den er totalt irrelevant. Spelet er populært og kritikerrost så det er nok meg det er noko gale med.

    Eg fant forresten ut at du ikkje skal ha ongoing-bonus for å enliste rekrutten i enlist-kolonna. Men eit combat-kort fra er til påvirka neppe resultatet.

    #1211
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg er ganske einig, men har for lite erfaring med spelet enno.

    #1213
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eventkorta er gøyaste i spelet; eg vil ha meir ?

    #1948
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Rise of Fenris er no exploited og den er god.

    – Mech Mods: trekk fire og velg opp til to stk. Som gjeld heile spelet. Gjer det mogleg å modifisere mech-eigenskapane til faksjonane

    – Infastructure mods: trekk fire og velg opp til to eingongseffektar som kan hjelpe deg i dei ulike «actions» du kan gjere i spelet

    – Alliances: allierte spelarar får eigenskapar frå kvarandre. Om den eine angrip den andre, mistar han eigenskapen og får negative poeng på slutten av spelet

    – War/Peace goal track: Gjer til dømes spelet meir krigsorientert med ti mål som er ulik frå originalmåla

    – To nye faksjonar: To kule faksjonar som med tidlegare ekspansjonar gjev spelet ni totalt å velgje mellom

    +++ som me enno ikkje har testa…

    Spelet er framleis det same jaget mot tida og dei seks stjernene som avsluttar spelet. Det som er positivt med Rise of Fenris, er at den gjer det mogleg å justere spelet og faksjonane slik gruppa liker det best.

    • This reply was modified 4 years, 9 months ago by Rune Hanssen.
    #1950
    Sten Ole
    Participant

    Rise of Fenris er ein ekspansjon som ikkje endrer Scythe så veldig mykje. Grunnspelet er fortsatt dominerande i korleis spelet flyter og kva du prøver å få til. No er fortsatt campaign-delen uprøvd, men det ser ut som at det stort sett er skreddersydde scenario som bruker dei diverse påbyggsdelane til å lage ulike scythe-opplevelser.

    Det me testa var dei to nye faksjonane og modifisering av mech-abilities og eit par eingongsbonusar i tillegg til utskiftning av objectives. I positiv retning betyr dette at det mest sannsynleg ikkje lenger vil vere urettferdig gode faksjonar lenger siden dei svake kan bytte ut middelmådige evner med bedre evner. Du kan også bestemme at visse objectives skal lønne seg meir eller mindre enn før. Noko eg trur er også at airship-ekspansjonen blir meir brukande sidan faksjonane som dette straffa kan no få evner som fortsatt er dugelege. Negativt er kanskje at faksjonane mister noko av særpreget sitt. Traktorfaksjonen er ikkje lenger nødvendigvis combatkort-faksjonen. Båtfaksjonen er ikkje nødvendigvis vannfaksjon lenger. Osv…

    Ikkje store endringar i mitt inntrykk av spelet. Det er eit victory-point-jag i nesten irriterande små steg som er forkledd som eit krigsspel. Slutten kjem alt for brått og brutalt. Du må velge om du vil gutse på handlingar som gir uttelling om du har tilgang til fleire turar eller som du skal safe’e og gjer det som er middels bra uansett kva som skjer. Eg veit Jamey Stegmaier har sjølv uttrykt at slike gamblinghensyn er fantastiske. Her er eg personleg litt uenig.

    Det som er bra med scythe er jo at det er designmessig relativt solid. Grunnreglane henger godt saman. Mekanikkane og måten dei er sydd saman på er heilt unike. Eg klarer ikkje nevne eit spel som liknar på scythe. Komponentane er geniale og jobber godt saman med spelet.

    #2353
    Sten Ole
    Participant

    Me har prøvd allianse-reglar og wind gambit (airships) saman med Fenris.

    Om allianse-reglar
    Allianse-reglane er krigsmessig irrelevante. Det er ingen måte å hjelpe kvarandre i krigar. Det er heller ein sjølvpålagt lås mot å angripe kvarandre siden straffen for det er mega-høg. Du får ein spesialability i tillegg, som enten gjer litt godt eller absolutt ingenting. Det åpner for ein ny type krig mot alliansepartneren der du “angriper” med arbeidarar for å erobre land. Negativt inntrykk.

    Om Wind Gambit
    Airships var eg frå før litt fiendtlig innstilt mot. Det gir ein mobilitet til alle i spelet som straffer faksjonane som har ein mobilitetsprofil. I Fenris har alle større tilgang på mobilitet. Derfor er kanskje problemet mindre.

    Om Fernris
    Ref. det eg skreiv rett over: “I positiv retning betyr dette at det mest sannsynleg ikkje lenger vil vere urettferdig gode faksjonar lenger siden dei svake kan bytte ut middelmådige evner med bedre evner. […] Negativt er kanskje at faksjonane mister noko av særpreget sitt.”

    Om Scythe
    Ref. andre posten min i denne tråden: “Fleire av mekanikkane er geniale og lettfattelige. Men […] Eventkortene virker poenglause, objective-kortene fungerer ikkje 100% for meg i nåverande form, popularitetsressursen er for viktig samtidig som den er totalt irrelevant.”

    Ref. det eg skreiv rett over: “Det er eit victory-point-jag i nesten irriterande små steg som er forkledd som eit krigsspel.”

    #2354
    Thomas Thomsen
    Participant

    Allianse korta gav ingen meining synes eg. Poenga dei gav virka random iforhold til egenskapene, noe som virka veldig merkeligt. Kanon egenskaper med sykt høy poengsum og andre tilnermet ubrukelige egenskaper med tilnerma ingen poeng.

    Tullete inntrykk av den delen.

    Nye endgame mål for stjerner var veldig bra, gjør at ikkje enkelte klaner drar større fordel av sine skills og dermed virker ubalansert. Samtidigt kan det ødelegge for heile klan abilitien deres. Ja vi fikk muligheten til å skifte litt på mech abilities men der er jo og luck innibildet og du kan ende i en situasjon du sitter låst heile kvelden.

    Nye klanene vi såg igår snevra ned brettet enda mer en før på et allerede lite kart der krig ikkje er lønnsomt. Dette forsterker poeng fokus for det er egentlig ikkje annet å ta seg til i spillet når brettet blir dekka innen 4 turns og bevegelse da er utelukka.

    Alt for liten plass, alt for mangen som kan teleport til min trap, gå hvor eg vil i direkte linje, teleportere til mine flag, gå i vann hvor som helst. Uten flagship så vil alle andre egentlig bare se dei andre flakse rundt som ønska.

    Et spill som har lagt mer i å kamuflere poeng jaget skal en leite lenge etter. Flott å se på, gøy med engine building. Men alt er bare en illusjon av liten betydning og PANG så er det over.

    Eg slik situasjonen blei sist var omtrent tvungen til å stå iro i hjørnet med lite options. Bygg så fort som faen for å få ut maks stjerner og avslutte så tidligt som mulig.

    Etter 90min var det bare 2options igjen:
    1 Angrip noen til ingen personlig gevinst (kingmaker) bare for å ødelegge for dei, noe som selv med seier vil ødelegge mer for meg en noe annet.
    2 Stoppe spillet så fort som muligt ved å bare ha fokus på min engine og objectives.

    Poeng spill ha vi mangen av, flere med det mer tydeligt en andre. Trur det eg sliter med i Scythe er at spillet handler veldig lite om alt det flotte på bordet, noe som gjør at det føles overflødigt. Og det er da bortkasta mye flott der og det irritere meg.

    #2355
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ganske einig med at det er mykje glitter og mindre fornuft i Scythe. Eg har eit lite håp om at me finn den rette balansen av «options» til at spelet blir godt nok. Mi siste erfaring var berre kaos heilt til eg fekk konstruert ein plan, men då var det jo sjølvsagt over.

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.