Sid Meier’s Civilization (FFG 2010)

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2939
    Sten Ole
    Participant

    Dette er det reinaste 4x-spelet eg har sett på ei stund. Du bygger bygningar, forsker fram ny teknologi, brer deg utover nærområdet. Du stifter nye byar, verver hærar og angriper dine venner. Spelet minner mykje om dataspela, på godt og vondt.

    For min del er ikkje dette spelet kjempegøy. Tempoet i spelet er veldig tregt. Du må jobbe hardt for relativt små steg i utviklinga av sivilisasjonen din. Du må heile tida telle ikoner – Igjen og igjen. Spelarane er ein halv verden frå kvarandre. Men du holder ut. Du jobber med prosjektet ditt. Både opprustning og utbygging er alternativ som begge tek hundrevis av runder å fullføre.

    Men så snart det blir kamp, så går alt FORT… på ein treg måte. Kampsystemet er keitete og baserer seg på å tilfeldigvis ha trekt kort med høge tal og litt om å bruke kort som fungerer på ein stein-saks-papir-måte. Det er ein vond og semi-random prosedyre og utfallet styrer kva veg vinden blåser. Om du vinn litt, tvinger du motstandaren til å bruke alle ressursar på forsvar. Vinn du litt til så tvinger du han til å sitte i hovedstaden sin og skjelve. Kvar kamp gjer vinnaren sterkare fordi kvar militærseier suger ressursar får taparane. Det er ingen måte å utfordre ein dominant spelar fordi han vil dominere i alle mulige dimensjonar. Militærmakt, teknologi, kultur, økonomi… Alle heng saman på ein måte som gjer at du anten blir god på alt eller dårlig på alt.

    Du manglar altså muligheten til å pusle fram fokuserte distinkte strategiar. Du sitt igjen med ein matt følelse. Når vinnaren begynner å krystallisere seg, er det som å se ein katastrofe i sakte kino. Du er hjelpeslaus. Det er ingenting du kan gjere for å hindre det. Du kan kanskje skylde på feilgrep tidlig i spelet, men like sannsynleg er det berre at motstandaren var heldig i første konfrontasjonen.

    Den sakte kinoen held deg gissel, anten om du leder eller om du taper. Du håper berre på at dei andre snart skal innsjå det slik at marerittet kan slutte.

    Kvifor skal ein like Civilization? Du må like soloopplevelsar (fordi dei første timane er Civilization eit solospel). Du må like at alle eigentleg speler same puslespelet fordi spelet har berre ein retning. Du må like at spelet kan påføre urettferdige utgangspunkt. Du må elske engine-building. Du må like at spelet utkårer ein vinnar i sakte kino etter ganske få konfrontasjonar. Du må like små optimaliseringshandlingar der du akkurat får råd til neste steg i planen din slik at du ikkje ødsler ressursar. Og du må like at kampavvikling anten er bingo eller overkjøring.

    Eg kom i ein dårlig situasjon i dette spelet under testkvelden. Eg fekk ein dum civ med tidlige aggro-abilities. Eg tenkte at eg måtte omfavne aggresiviteten ved å bygge barracks og søkje konflikt på kartet. Men så er kartet uendelig stort. Dette var altså umulig. Eg fekk også ein kart-tile som gjorde at eg ikkje kunne få ny by tidlig og måtte gå gjennom ein lang labyrint for å komme meg ut. Då eg endelig nådde fram til fienden møtte spyd-jaktlaget mitt moderne kavalri og kanoner. Uansett gjer startsituasjonen i spelet at tyskarane per definisjon er ein forferdelig dårlig civ. Du vil alltid heller ha ein civ som kickstarter motoren din. Dei første map-tilane mine var også optimale til å sabotere spelopplevelsen min. Gangen i spelet var derfor delvis avgjort på forhånd før me starta. Opplevelsen min blei nok litt farga av dette.

    #2940
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Spelet var heldigvis billig. Eg sit igjen med episk mangel. Spelet manglar magi. Eg klarte meg relativt godt denne kvelden, men Tor Inge klarte seg betre. Å miste styrkar raskt og brutalt krev alt for mykje av deg i ettertid.

    4x-spel som legg opp til stresskappløp og total omsorgsvikt for dei som er litt uheldige, er noko av det verste eg veit. Det er kjedeleg når du halvvegs innser at håpet er ute, og at du berre sit igjen som søppel på kartet og ventar på slutten.

    Den episke magien i brettspel blir svak når poengfokuset blir for sterkt. Eg vil heller gje ei stjerne for den nyaste versjonen av Civ frå FFG. Denne versjonen er for gammal.

    Likevel er eg sikker på at fleire i klubben vil like det, så ikkje legg det for hat før du har prøvd.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.