Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4576
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Sls1

    «Deck builder» er ikkje favorittsjangeren min og eg gjekk med låge forventningar til første speling. Overraskande nok var dette gøy. Gode reglar og smooth mekanikk gjer spelet lettfatteleg og ein forstår faktisk kva ein driv med.

    Sts2

    Ein samarbeider på vegen opp tårnet til ein Boss. Ein møter events som faktisk er artige. Butikkar og leirplassar er naudsynt å gå innom.

    Sts3

    Me klarte Act I heilt greit sjølv om pessimismen var høg. Eg er klar for regelrens og ein tur til. Positiv overrasking 👍🏻

    #4577
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Discard for kortstokkar
    For alle kortstokkar utenom hovedstolken til spelarane vil kort havne på botn av stokkane sine. Dette inkluderer monstre (slik at ein ikkje møter på identiske monstre så ofte).

    Boss relic
    På slutten av akten skal det trekkes eitt fleire kort enn det er spelarar, så får spelarane velge eitt kort kvar. Dette gjeld ikkje for vanlege relics. Men hugs at utenfor combat kan folk bytte på ting.

    Defect orbs
    Defecten skal ha alle kubane i orb-fargane. Det er relevant når han får fleire orb slots. I starten er det berre relevant når han vil channele ein dark orb når alle tre allerede er i slots fordi då skjer ingenting.

    Weakness og Vulnerability
    Desse effektane trigger per kort og ikkje per kniv. Kort med mange knivar vil derfor få effekten på alle knivane.

    Terningeffektar på relics
    Desse skjer i start of turn når terningen blir trilla og ikkje når som helst det passer deg.

    Gøy spel. Vanskelighetsgraden til spelet var bra tuna til evnene våre. Når vi spelte, såg me fleire eksempel på at ting hadde gått betre om vi hadde koordinert timingen på kreftene våre. Eg antar at akt 2 hadde myrda oss fordi det er nok då me ser om me har bygd ein god motor eller ikkje. Siden vi berre spelte akt 1 slapp vi nok unna den store prøvelsen.

    Minuset for min del er at du ikkje kan bygge motorar fritt. Motordelane kjem frå karakterstokken din. Delane er alle mynta mot måten karakteren din allerede er, så då er det mindre mulighet for å bygge noko anna enn det speldesignet har lagt til rette for. Sånn sett ligner det litt på Gloomhaven. Det er hypotetisk litt alfaspeling-potensial i spelet, så her vil det kanskje etter kvart vere ein indre kamp mellom ønsket om å vinne og å la folk ta sine egne valg.

    Men totalpakken er god. Fristelsen for å spele dette er mykje høgare enn å sitte med det singleplayer foran PCen. (Har forresten eit anna spel som er omtrent likt til det, men også dette står stort sett uspelt)

    #4586
    Sten Ole
    Participant

    Nye erfaringar med dette spelet, men ingenting særlig overraskande. Testgjengen spelte akt 2 av spelet med laget som vant akt 1. Sjølv om vi klarte oss, var akt 2 eit klart steg opp.

    No har eg også prøvd akt 1 berre med to spelarar saman med Øyvind med ein litt annan strategi. Målet var å spele meir risikabelt for å få større gevinstar. Dette var forresten etter at vi hadde lagt til høgare vanskelighetsgrad pga tidlegare suksessar med første testgruppe. Vi kjørte gjennom 3 elite encounters og kom halvdaude til akt 1 bossen. Vi slåss heroisk, men vi endte opp med å ta ein skade meir enn vi tålte runden før vi mest sannsynleg kom til å vinne.

    Kontrastane mellom 2 og 4 spelarar var tydeleg. Når ein var fleire så kunne ein signalisere at du var i fare og med ein viss sannsynleghet kunne laget finne ei løysning for å gjere problemet mindre. Med to spelarar var det meir bingo om ein fekk hjelp eller ikkje. Det blei fleire rundar der du fekk bank og du berre måtte leve med det. Du blir også større grad straffa for å lage spesialistar når du berre er to. Eg trur derfor spelet er lettare med fleire spelarar til å lage ei full verktøykasse sjølv om det blir mange fleire monster å slåss mot.

    Noko sist runde lærte meg også var at dette er ein roguelike. Uflaksen var ekstrem. Vi kjørte den vanskelegaste løypa til bossen og alle belønningane som eg fekk langs vegen var søppel. Alle encounterane var spesielt egna til å nøytralisere dei få tingene eg hadde som var potensielt nyttige. Alle nye korta til stokken min var eit valg mellom pest eller kolera. Det var vondt. Denne gongen var vi meint til å tape og slik må det berre vere. Men eg ser jo for kvar gong kva kort som er gode saman og kva som er mindre bra. Eg ser også kva monstre eg kan forvente å møte. Neste run blir betre!

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.