Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4596
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Se1

    Se2

    Første runde gav godt inntrykk. Som vanleg ler Lacerda av deg medan du prøver å sende arbeidaren din til å gjere noko produktivt. Brett og komponentar er det mykje av og mafioso-stemninga er der. Ser fram til neste omgang.

    #4599
    Sten Ole
    Participant

    Speakeasy er eit Lacerda-spel, med litt mindre “samarbeid” enn mange andre og litt meir kontrollaktivitet på kart enn vanleg. Actionsystemet er enkelt men gjennomført på ein litt indirekte måte. Utfordringer er altså at output-sida av actionen din stemmer med det som du egentlig prøvde å gjere. Tematisk sett er spelet litt ullent. Du har pengar i safen din og pengar utenfor, og spelet blandar litt saman kva som er reint og kva som er skittent. Politimennene gjer ingenting på brettet utenom å sjå stygt på bygningane dine. Mob wars kjem delvis forutsigbart ut på brettet, men er nok det minst forutsigbare. Det vil kanskje oppleves litt som brannen i IKI som nokre kan le av fordi dei er brannmenn, mens andre må berre krysse fingrane at mobsterane ikkje dukker opp hos seg. Gangstervirksomheten er til dels outsourca til Lucky Lucciano som leverer penger på slutten av kvar akt utifrå kor mykje av byen du eiger. Eg føler meg mindre som ein gangster og meir som forretningskonsulenten til ein gangster.

    Men, Lacerda leverer alt ein forventer av eit Lacerda-spel. Du får eit uforståeleg panel med knappar, snurredingsar, spakar og hjul; likt som leketøy i toåring-seksjonen i lekebutikken. Jobben din er å trykke på knappane til det lyser og lagar lyd mens onkel Lacerda ler i bakgrunnen.

    Terningkast: Lacerda

    Foreløpig personleg Lacerda rangeringsliste:
    On Mars
    Gallerist
    Weather Machine
    Kanban EV (alle versjoner)
    Inventions
    CO2 (alle versjonar)
    Speakeasy
    Vinhos (alle versjoner)
    Lisboa (potensial for høgare plassering med Q’s variant)

    Reglar, reglar, reglar…

    Errata
    Symbolikken på brettet der kasinoet har skjold er feiltrykk.

    Båtraid
    Når du raider ein rum-runner, skal du i tillegg stjele ei tønne med alkohol å plassere den direkte ved ein speakeasy eller tilsvarande.

    Skjold med open hengelås
    Der det er skjold med open hengelås, kan du telle med bygningar som ikkje er “operating”. Desse finnes blant anna på central park tiles og på crates.

    Raud speakeasy med sikte på
    Helperkortet (tubakortet) med symbolet med raud speakeasy på betyr at du kan overta ein speakeasy uten å ta hensyn til styrken på forsvaret.

    Sonebegrensingar på nattklubb/kasino
    Du kan berre ha ein av kvar type bygning per speler per bydel (uptown, midtown, downtown).

    Plassere familiemedlemmer ved havna
    Når du plasserer eit familiemedlem på havna, kan du flytte andre familiemedlemmer som allerede er der til andre plassar (uten å få bonusar).

    Spelerrekkefølge
    Når du endrer spelerrekkefølge, må du ikkje velge å vere først. Her kan du velge taktisk å vere seinare slik at det koster mindre leverage å plassere ut forsvararar på kartet.

    Maksutbetaling på crates
    Nokre crates har ein liten pengesum på botn som viser kor mykje dei maksimalt kan utbetale.

    Endgame tubakort
    Du samler opp alle tubakorta du har i safen. Du lager eit sett der alle flaskene er forskjellige. Verdien på desse er endgame-poenga. Det er altså ikkje hjelpsomt å hente fleire av same type flaske.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.