Terraforming Mars: Ares Expedition

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3143
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Om eg aldri før hadde spelt TM, og så spelte TM: AE, hadde eg nok likt det veldig godt. Eg ville nok følt at noko mangla og at det ikkje var heilt i toppen, men eg ville vore nøgd. Om eg så hadde oppdaga TR, hadde hovudet mitt sprengd, eg ville vore supernøgd, og lagt bort AE.

    Men; eg spelte i den andre rekkjefølga. Difor har eg erfart kort bra TM er, og korleis AE er ein nedstrippa versjon av dette. Den store skilnaden ligg i at kvar spelar kan bestemme kva fase som skal skje; eks. Produksjon, bygging av Grøne kort, ta inn kort etc. Blir ikkje den fasen valt, så skjer ikkje det den runden. Det er kanskje det interessante med AE; kva vil du sjølv spele og kva satsar du på at motspelarane veljer?

    Men; det blir litt fiddly. Det er fleire kort du må følgje med på på tablået ditt undervegs i spelet. Om du lagar ein Engine som eg gjorde, får ein fleire kort inn undervegs. Så må motspelarane vente på deg kva kort du skal ha og ikkje, for alle speler samtidig i alle fasar: Alle veljer fase-kort på likt, og alle fasar blir spelt samtidig av alle.

    AE erstattar absoulutt ikkje TM. Men; det er eit langt kortare spel som “er” TM på mange område, så om du vil ha eit kjapt spel (om alle kan det) for å dekkje TM-craven din, er det eit alternativ. Personleg speler eg heller TM.

    #3144
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Agreed! Men Ares er eit bra spel. Eg vil anbefale det til alle.

    #3158
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tmae

    Spelt for andre gong. Tre spelarar og to timar. Likevel er opplevinga fire timar, utan at det er negativt.

    #3159
    Sten Ole
    Participant

    Eg synst dette var bra, eg. Eg nekter å samanlikne det med original TM. Dette er eit anna spel med nokre mekanikkar som liknar og andre som ikkje gjer det.

    Trekk kort, spel kort, produser ressursar, gjer actions. Repeter til kubane, som ikkje er sukkerbitar, når toppen. Tell poeng. Ferdig.

    Jarle synes det var fiddly. Eg óg, men kanskje på ein annan måte. Eg føler at fase-kort-valget, valg av kort du vil kjøpe, trekte kort du vil beholde og kaste burde foregå raskt for at spelet skal flyte slik det er tiltenkt. Samtidig så må du passe på at summen av handlingane dine “går opp” slik at du du får til alt du hadde tenkt. Og det tek litt tid løyse den kalkulasjonen. Spelet hopper og stopper derfor litt meir enn eg trur er meininga. Det clasher litt med sine eigne designvalg.

    Det sit relativt åleine blant lettvekt-engine-builder-spela i klubben. Sikkert ikkje det verste å dra fram om ein har tid til eit spel til på slutten av ein hard Maracaibo-session. Det har eit 99% clean oppbygning, utforming og ikonografi, fleire combo-mulighetar og mulighetar som gjer at du føler deg lur (f eks når du velger construction og du ser at ingen av dei andre har penger eller kort). Nyt tida på Ares-ekspedisjonen og kjør heim igjen til Seimfoss med eit smil på fjeset.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.