Twilight Imperium

Viewing 4 posts - 31 through 34 (of 34 total)
  • Author
    Posts
  • #3696
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Feil 1 – PDS og “Direct hit”
    Sannheten er at direct hit fungerer fint saman med PDS.

    Lang forklaring på feilen min: Regelsamanblandingen henger saman med ein spesialregel som gjelder for ein faksjon. Det er ein faksjon som skader sustain-damage-skip med bruk av anti-fighter-barrage. Grunnlaget for at det i dette ikkje fungerer er at sustain-damage-abilityen kansellerer ein hit og skader skipet, mens spesialregelen direkte skader. “Direct hit”-kortet refererer til kansellering av hits. Errata på Direct hit-kortet er lagt ut med teksten “After another player’s ship uses ‘Sustain Damage’ to cancel a hit produced by your units or abilities: Destroy that ship.”.

    Feil 2 – Antal PDS
    Hugsa feil. Det er lov med 2 PDSar per planet, som Rune antyda.

    Feil 3 – PDS kan avfyre uten at skip blir flytta
    Poenget er at du kan skyte mot den aktive spelaren (og den aktive spelaren mot motstanderskip i det aktiverte systemet), ikkje at skip har blitt flytta. PDS kan derfor avfyre sjølv om det bare foregår produksjon på skipene som var der frå før.

    Feil 4 – Begrepet combat of capacity
    Sjølv om fighters og infanteri er immune mot mangel på capacity midt i ein “combat”, blir “space combat” og “ground combat” rekna som to ulike combats, med eit mellomrom der capacity betyr noko og kan få units til å forsvinne.

    Feil 5 – Mechs in space
    Xxcha Indomitus mechen (som Einar styrte på med) kan ifølge erfarne spelarar bruke space cannon under transport i verdensrommet. Eg fant ikkje offisielle kjelder på dette, men dette ser ut til å vere tradisjonen i “miljøet”. Spelet har andre mechs som er virksomme fra space, men for eksempel sustain damage er det bare ein faksjon som får lov til å bruke der, så reglane for kva som gjelder er ikkje alltid opplagt.

    Feil 6 – Litt om promissory notes
    Promissory notes er egentleg noko du har skjult på hånd som du enten kan aktivere eller setje i spel. Korta som har ein varig effekt kan (men må ikkje) settes i spel i “play areaen”. Dette inkluderer “support for the throne”, “alliance” og “ceasefire”. Det mest relevante her er at når kortet først er i spel, kan det ikkje lenger bli gitt til ein motstander i ein handel.

    Rett 1 – Gravity rift med trasportskip
    Transportskipet skal telle både for seg sjølv og innholdet sitt.

    Litt gøy, litt frustrerande, litt feil. Det var gøy å rote med ein ny faksjon og prøve å få til noko bra. Det var frustrerande at reglar blei eit hinder for ein “fair” avslutning på kvelden, og at hukommelsen og lesedisiplinen min er elendig på reglar og at eg glømte heile kortstokk-verktøykassa når eg gjekk til angrep på Mekatol. Det positive er at bare eit par av feilene er beskrevet på forumet frå før. Me klarte derfor i stor grad å begå heilt nye feil. Jippi!

    Eg veit ikkje om me finn eit betre system på map-generatoren. Han virka ikkje heilt optimal, og samtidig veit eg ikkje om noko betre. Kanskje det finnes pre-lagde maps som har gode kvalitetar. Eg hadde likt om eg hadde hatt mulighet til å besvare hatet frå Øyvind med handling istedenfor å vere låst på eige side av kartet. Spørs om me tek oss god nok tid til research før det kjem på bordet igjen til neste år, så me får eit godt kart.

    #3697
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Kommentar reglar:

    1. Dette var også konklusjonen vår i går. Greitt å få det avklart.
    2. Dette må me hugse til neste gong (yeah, right).
    3. Dette var me inne på i går, men tolka feil. Greitt å få det avklart.
    4. Dette må me hugse til neste gong (yeah, right).
    5. Om me skal vere strenge, og ikkje berre lytte til kva “erfarne spelarar” seier, kan ein også sjå på ordlyden på kortet/eigenskapen. Vanlege mechs/infanteri er jo iflg. reglane “låst inne i skipet” under transport, medan det står at fighters kan fly ut og vere med i kamp. Men; på den rasen eg hadde i går (Virus), stod det eksplisitt på mechane at dei kunne fly ut og vere med i kamp, om dei var i same område som flaggskipet mitt. Med andre ord; eg tenkjer at grunnreglane alltid gjeld, så lenge andre reglar på kort etc. ikkje spesififiserer noko anna. Såleis vil eg tolke det som at XXcha sine mechar ikkje kan bruke Space Cannon i space, sidan dette ikkje står eksplisitt, og då er det grunnreglane som gjeld.
    6. Dette opnar opp for litt “men kva om…”. Her får du som har lese kome med innspel. Så du har eigentleg ikkje 1VP før du legg ned “Throne”-kortet? Og når eg angreip Einar i går, kunne ikkje han bruke “Ceasefire”, for det var eigentleg ikkje “i spel”, men “på hand”? Eller kan du når som helst leggje ned, sjølv akkurat der og då? Eg forstod ikkje heilt dette.
    7. Dette var også konklusjonen vår i går. Greitt å få det avklart.

    Kommentar spelinga

    tldr; me byggjer galaksen sjølv neste gong.

    Dette var første test av den nye map-generatoren. Eg stolte nok for mykje på den, og tenkte at det var ein “hemmeleg og stor plan” bak oppsettet, men eg slit endå med å forstå den. Den “gamle” generatoren var god, fordi den gav ein brakedown etterpå, der den viste korleis alle hadde omtrent like mykje tilgjenge til planetar med Resource og Influence ifrå heimstaden sin. Det mangla denne nye, og det var jo enkelt å sjå at stakkar Øyvind hadde tilgjenge til nesten null, medan Einar hadde tilgjenge til ti tusen. Det kan jo vere “andre” faktorarar anna enn resource/influence, men eg ser/såg ikkje dei heilt heller. Såleis var ikkje den generatoren god, og bør testast “off game” for å ev. tunast inn/forstås før den vert teken i bruk igjen.

    Ferdiglaga kart er også vanskeleg, for visse rasar kan ha store fordeler/bakdeler av enkelte kart. Generatorane skal eigentleg ta omsyn til dette; det er difor ein legg inn rasane før generatoren lagar karta, slik at det blir “balansert”.

    Samtidig; det er jo kanskje verdt å prøve at ein på førehand legg eit ferdigglaga “bra” kart, og så kan ein by på plassane rundt bordet, kor ein vil sitje…?

    Kanskje det er verdt å prøve å følgje reglane også: Få utdelt Tiles i ulike fargar, og så byggje galaksen på omgang rundt bordet. “Viktig” då at alle kan spelet, slik at ein forstår kva ein gjer.

    Eg lener nok mot det siste. Då kan ein påverke korleis verda ser ut, kven du vil “blokkere” med ei supernova, kva du vil satse på at resource/influence osv. Einaste er kanskje at ein burde gjort det slik at dei blå Tiles’a var nokon lunde like; kjipt å få utdelt 3 Tiles med kvar sine enkle drittplanetar, og så får ein annan 3 Tiles med mektige dobbel/trippel-planetar. Så ein viss sortering, så shuffling, så utdeling. Ja, eg stemmer nok for det neste gong.

    #3698
    Sten Ole
    Participant

    Om promissory notes er reglane klare på skillet mellom kort på hånd og kort i playareaen, og at playarea-korta ikkje kan gis vekk i handel. Timing på når kortet blir lagt i playarea blir ikkje nevnt, men det er rimelig å tru at dette må skje på turen din.

    Deler av dette er beskrevet i learn to play-heftet, men siden promissory notes blir håndtert som noko frivillig ekstra du legger til “advanced game” så er reglane følgeleg ufullstendige.

    Om me berre velger å spele som før er greit for meg siden det ikkje lager store problem, men det var for eksempel eit secret objective som var veldig lett for meg i går som krevde ein promissory note frå ein motstander i playareaen.

    #3700
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det er ikkje ofte me har konstruert galaksen. Ein startar med Mecatol Rex i sentrum, så legg ein ut home planet i ytterste ring. Deretter startar Speaker med innerste ring rundt Mecatol og så går det clockwise utover. Ein kan «tvinge» folk til å leggje system andre plassar enn ved «seg sjølv».

Viewing 4 posts - 31 through 34 (of 34 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.