Twilight Struggle

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2921
    Rune Hanssen
    Keymaster

    TS

    Ta ti armhevingar, pust djupt, drikk energidrikk og gni deg i augene før du startar Twilight Struggle. Dei neste 150 minuttane blir ein stressande drakamp med håp om seier.

    Tema er veldig sterkt og opplevinga likeså.

    – card driven
    – dice rolling
    – hand management
    – strategy

    Hadde nyleg min første våkne seier i spelet. Det er viktig å ha kunnskap om korta som er i spel. Frå runde til runde må du takle kort på hand som er gode for deg, eller kort som er gode for motstandaren. Samtidig må du analysere motstandaren sine trekk for å finne ut om han slit med korta sine eller ikkje.
    Scoring cards kjem igjen og igjen, og ein bør vere klar for desse. Problemet er at ein må kontrollere den politiske og militære aktiviteten i heile verda.

    Med litt erfaring så kjem spelet til sin rett. Sterk anbefaling om ein er klar!

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.