War of the Ring (1st edition)

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1577
    Sten Ole
    Participant

    Dette er eit 2 player krigsspel basert på Lord of the Rings-triologien til Tolkien. Gløym filmen. Gløym bøkene. Historien fortelles best i brettspelform. Eine spelaren tar hånd om Sauron og hans undersåtter. Andre tar for seg “the Fellowship” og armeane til alvane, dvergane og menneska.

    Spelarane speler spelet gjennom bruk av spesielle Action-terningar som anten kan brukes på event-kort eller til handlingar på kartet. Krigshandlingane blir avgjort med vanlige d6-terningar og blir krydra med kort som påvirker sannsynlighetane. I tillegg har spelarane karakterar som har spesielle krefter som utarter seg både i kamp og gjennom event-kort.

    Eit alternativt mål (eller er det hovedmålet?) for Fellowship-spelaren er å levere Frodo relativt intakt med ringen til Mount Doom i Mordor. I litteraturen og på film vinner dei snille. På brettet kan forløpet vere eit heilt anna.

    Dette var eit triveleg spel med ikkje for kompliserte reglar og ikkje alt for mykje bookkeeping. Handlingane du tar i spelet er relativt små så sjølv om spelet flyter godt på at det alternerer fort mellom spelarane, så går ting litt tregt. Eg er ikkje heilt tilfreds med combat-kort-mekanikk som blander seg saman med terning-kampsystem. Det skaper litt følelse av at troppesamansetning ikkje har så mykje å sei når kort vender om på kampen uansett. Ting er allerede tilfeldig nok med terningar.

    Det er derimot positivt korleis events og visse kamputslag gir interessante og minneverdige øyeblikk. Gårsdagen endte katastrofalt då Aragorn leda verdens største hær inn i Mordor og knuste all motstand. Sarumann blei drept av Entar kort tid etter at han sendte hærane sine av gårde. Frodo satt livredd under beleiring i Alvebyen Lorelei. Spelet endte jevnt med militær seier til “dei snille”. Sauron klarte nesten det samme men fleire Fellowship-heltar flytta oddsene i den “avgjerande” kampen (og reglar, reglar, reglar… det skal nevnes at reglane seier at om begge sider oppfyller militær seier, så vinn Sauron. Han er tydelegvis tilfreds med at verden står i brann.)

    #1578
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Det var kjekt å spele War of the Ring igjen! Både 1st og 2nd Edition er inne på topp 100 på BGG. Det kom ekspansjonar til 1st Ed., før 2nd Ed. ornda opp i ein del ting. Ein merkar på 1st Ed. at det er rom for forbetringar, så det hadde vore kjekt å spelt den forbetra 2nd Ed. (eller den små-pene Collectors Ed. til rundt kr. 10.000).

    Ting som forstyrrer litt er litt uklare grenser, litt uklare styrkar etc., men ein kjem fort inn i det. For min del fungerer kampkorta bra; om eventen på kortet er veldig bra, er ofte kampeffekten bra også. Så det er heile tida eit val om å spare på kort til ein kamp, eller køyre dei som ein event. I dette ligg jo også å heile tida “analysere” korleis brettet ser ut, kva kort ein har på hand og tilgjengelege terningar (actions). Då kan det vere at du brått ser ein opning som ikkje var der for berre litt sidan. Spennande.

    Det er nok også fordel å vite at det finnes enkelte kort; som kortet som aktiviserer Entane og sender dei mot Sarumann; han ønskjer nok betre forsvar når han veit at angrepet kan kome. Det hadde også vore spennande å spelt/sett The Fellowship gå all-in på å kaste ringen i Mount Doom; det trur eg hadde blitt eit vilt kappløp imellom Corruption, krig og skjult vandring.

    Klar for å spele igjen!

    #1579
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg har spelt dette spelet ein og ein halv eller to gonger. Eg hugsar det var interessant, spennande og gøy, men hugsar ikkje korleis det fungerte. Kor lang tid gjekk med til sist spel?

    #1580
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Det tok ca. fem timar totalt. Setup tek noko tid, så nytta me tid til å sjekke reglar undarvegs. BGG skriv 120 minutt. Det…skal halde hardt. Men når ein kan spelet flyt det nok betre og det er lettare å ha ein strategi undervegs, sjølv om du ofte må endre litt på den etter som ting endrar seg på brettet etc. Men fire timar er nok fint mogleg.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.