Wingspan

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #1939
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Wingspan

    Luftig og raskt spel med smidig mekanikk og lekre komponentar. Du samlar fuglar i området ditt og samlar poeng gjennom engine building. Første test gjekk lett og spelet fungerer nok fint til 4-5 spelarar. Om det blir ein klassikar for folk flest er tvilsomt, men for dei med opne sinn og interesse for sjelefred, vil dette slå an.

    #1941
    Sten Ole
    Participant

    Superlett og supersmooth spel. Spelet var nesten totalt sjølvforklarande. Du lager ein fuglesamling som du kjøper med mat så legger du nokre egg. Fuglane har egenskaper som speler inn av og til. Til slutt teller du opp poeng.

    Eg ser ikkje heilt korleis du skal gå inn for å vinne dette spelet siden det som du gjer bare er små nyansar betre enn det andre kan gjere. Alle gjer fundamentalt det same. I mi bok er derfor dette ikkje eit spel som stikker seg ut som noko som eg har lyst å spele ofte.

    Det er derimot veldig elegant og vakkert, og spelet inviterer deg til å drite i poengene og bare samle inn dei kulaste fuglane. Dei andre spelarane vinn kanskje spelet, men i ein fugleslåsskamp hadde dine fuglar rive dei andre i fillebiter.

    #1968
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har lyst å spele dette igjen! Det var veldig behageleg å spele. Me har mange spel der me sloss imot kvarandre eller saboterer eller interagerer på ulike aggresive måtar, der planane dine vert øydelagd av upåverkelege faktorar.

    Det er kjekt det, men av og til er det flott å berre kunne slappe av, kose seg med det som skjer på brettet, der du heilt sjølv bestemmer kor mykje du vil involvere deg med kva dei andre held på med.

    Førebels veldig positiv, sjølv om det må vere stemning for det. Av og til har ein jo lyst å knekke nokon eller bli voldteken av fæle reglar eller svikefylle sabotasjeaksjonar, men av og til trur eg Wingspan er perfekt.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.