Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › World Order
- This topic has 5 replies, 2 voices, and was last updated 1 month, 2 weeks ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
14/09/2026 at 23:22 #4907
Rune HanssenKeymaster
Area Majority!
Dominansespel som flyt bra. Trur dette er eit spel som har konkurranse utan for mykje «in your face» aggresjon. Ein får poeng men blir straffa undervegs om ein ikkje er tilstrekkeleg på plass i ulike situasjonar.
Eg følte kort og action hadde god gli. Dei politiske intrigene kjem fram i artige historiar rundt bordet.
15/09/2026 at 00:49 #4908Sten Ole
ParticipantReglar, reglar, reglar…
Commerce cards
Commerce cards er ikkje for å vise kva ressursar du har tilgjengeleg. Det er overskudd som blir refresha kvar gong du produserer. Når andre kjøper frå deg, så snur du kortet istedenfor å miste ressursane. Om alle korta allerede er snudd, mister du ressursane som blir selte. Det betyr at du neppe klarer å kjøpe vekk ressursane til spelarar på ein effektiv måte.Engage tokens
Istedenfor å bruke engage-tokens på å tjene penger, kan du bruke det til +2 per allierte land i defense. Det er sikkert mindre nyttig enn pengar i praksis.Ubrukte Strategic Asset-kort
Ubrukte Strategic Asset-kort gir 2 VP på slutten av spelet.—
Det er eit behageleg spel når ein ser korleis det heng saman. Det flyter godt og det er akkurat konkret nok til at du kan fantasere om kva du driv på med. Handlingane i spelet består hovedsaklig om produksjon av ressursar, kjøp og salg av ressursar, influering av små land og militær ekspansjon. Poeng kjem i stor grad av å ha fleire ting enn andre i regionane.
Spelet bruker deckbuilding som system, men er i praksis ikkje ein deckbuilder. Du får ikkje bruke korta som du kjøper så mange gonger og kan gjere lite for å forme stokken din. Det er egentlig primært ein måte å bestille eitt bestemt kort til neste runde. Det at andre kjøper bestemte kort vil også flagge litt intensjonen deira framover.
Trivelig spel, med mykje polstring og barnesikring.
—
Ekspansjonen Diplomacy and Dominance består 95% av ein solo-mode. Brettet som følger med er ein solo-komponent. Det er som kanskje er relevant for oss vanlege folk er dei ekstra korta som kan stokkes saman med det andre, ekstra growth-kort (som ikkje har ein heilt gjennomtenkt måte å ha dei med), og kort med ekstra målsetningar som du prøver å få til i løpet av spelet for poeng.
18/09/2026 at 08:12 #4922
Rune HanssenKeymasterNo har me spelt gjennom for første gong. Eg var igjen USA.
Spelet flyt bra og på turen din får du alltid gjort noko som føles meir eller mindre fornuftig med ein bismak for alternativ du ikkje gjorde.
I starten av kvar runde bestem du om du skal ha fokus på innenriks, diplomati eller militær. Eg utforska brettet denne gongen med størst fokus på militæret. Ein kunne sjå at det var til «besvær» for Russland og Kina.
Heile kvelden gjekk eg med illusjonen om ein allianse med EU. Dette er meir ein psykisk lidelse i spelet.
Som USA må du halde på størst innflytelse i 4 regionar for å ikkje miste poeng under scoring. Eit slit.
Eg klarte å runde 100 poeng. Eg er stolt. Neste gong skal eg lære meg andre aspekt i spelet.
18/09/2026 at 10:55 #4923Sten Ole
ParticipantRussiske planar i starten:
– Ikkje plage EU.
– Holde Sentral-Asia tom for å vere god venn med Kina.
– Satse på mobiltelefonar, vesker, handel og velstand.Resultat:
– Full krigsmobilisering.
– Ekle ekspedisjonstroppar i alle sin bakgård.
– Aktiv lobbyvirksomhet mot alle miniputtnasjonar som godtar russiske militærbasar.29/09/2026 at 08:48 #4943
Rune HanssenKeymasterOkay!
3. gjennomspeling og denne gong som EU. Ingen fordelar bortsett frå null THREAT frå USA grunna NATO. Spelinga tok 4,5 timar og eg følte eg gjorde ting OK, men havna på sisteplass eit par tre poeng bak USA.
Utfordrande men likevel gøy. Slik det er no verkar det som Russland og Kina hamstrar poeng lettare enn EU og USA. Eg hadde eit milirært fokus denne gongen for å prøve å halde Russland i taumane. Sikkert ikkje EU si oppgåve sånn eigentleg. Ein bør ikkje kjøpe olje frå Russland. Nokia er betre enn Wond Dong.
29/09/2026 at 17:23 #4944Sten Ole
ParticipantKontrasten mellom å spele Russland og USA var stor. USA må i klinsj med alle, og det føles som om du speler 1 mot 3 heile vegen. Du blir dradd i mange retningar samtidig. Du må vere litt med på alt. Risikoen er at du ender opp med å tape alle tautrekkingane fordi du sprer deg for mykje.
Eg har fortsatt ingen innlysande idear om kva som er lurt i spelet for dei ulike faksjonane. Eg har heller ingen klare tankar om styrkeforholdet mellom dei. Russland har gjort det bra i klubben fram til no, men eg trur det seier meir om oss enn om spelet. I ettertid ser eg jo utfallet av valga som eg tok i løpet av spelet og kan delvis forklare kvifor eg ikkje vant med USA ut frå det, sjølv om eg oppnådde dei tinga eg satte som mål i starten av spelet.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.