Yellow and Yangtze

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2977
    Sten Ole
    Participant

    Dei kinesiske statane Qin, Chu, Qi, Yan, Han, Wei og Zhao sit nær elvene Yellow og Yangtze som livnærer dei med ris. Som ein god borger, står du på for å hjelpe byane vokse og krige. Men du må vokte deg for andre opportunistar som gjer det same.

    Spelet utvikler seg etterkvart der ein stat for eksempel blir styrt militært av ein spelar, men politisk av ein annan. Med rett utvikling gir dei gjevaste statane ei konstant inntekt av Victory points (scrolls, våpen, avling, gods og gull) til leiaren av sin type. Spelarar kan prøve seg på politisk maktovertakingar, eller å ta makt via framprovosering av krig mellom statar. Statane vil smelte saman eller splittes gjennom krig og bondeopprør. Når spelet etter kvart når sin slutt er vinnaren den med flest VP i den kategorien han har minst av. Ein kan derfor ikkje berre gjere ein ting heile tida.

    Spelet er eit klassisk Sten Ole-spel der spelarar ikkje får bygga i fred uten at alt dei har bygd blir røva frå dei med kynisk kalkulasjon. Det er ein konstant balansegang mellom å bygge opp, sikre det ein har, prøve å stjele posisjonar eller rett og slett å skape ødeleggelse (sånn at du kan seile inn i maktvakuumet som oppstår etterpå).

    Spelet er regelmessig enkelt, men det er eit vanskeleg spel å mestre. Som mange andre Reiner Knizia-spel kan det oppleves som litt tørt og abstrakt. I mitt hode bygger det seg likevel opp ein historie med svik og intriger som holder det saman tematisk.

    Varighet ca 90 minutt + intro. Passer kanskje best for 3 eller 4, men fungerer med 2. Ikkje eit godt spel for folk som liker å bygge i fred og ro.

    #2980
    Sten Ole
    Participant

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.