Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Lost Ruins of Arnak › Reply To: Lost Ruins of Arnak
20/12/2021 at 10:48
#3196
Jarle Haktorson
Keymaster
“Ser ut som eit spel eg vil elske 🙂” skreiv eg for mange månader sidan. Og eg fekk rett! Har spelt det tre gonger sidan den tid, og kvar gong har vore veldig kjekk. Alltid noko å gjere, alltid innsjå feil val rett etter ein har gjort noko, alltid føle at ein ligg bak, alltid føle ein har kontroll, for så å innsjå at det har ein ikkje, alltid gamble på ein ledig plass, som så blir teken osv. Fargerikt og flott, aldri finne ut ein lur strategi, men kose seg med utforsking og handling 🙂