Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Må eg kunne reglane på førehand eller vere veldig kunnskapsrik for å vere med?

Du treng ikkje kunne nokre reglar eller ha spelt avanserte brettspel før for å vere med; me lærer deg det du treng i løpet av kort tid, og så set me i gong! Ingen av spela våre krev kunnskapar på førehand, sjølv om du sjølvsagt får meir ut av spela om du kjenner temaet/miljøet som dannar ramma for spelet (eksempel her er spelet Shogun som tek for seg samlinga i føydal-Japan på 1500-talet, Axis & Allies ifrå 2. verdskrigen, eller Arkham Horror som tek deg inn i forfattaren H. P. Lovecraft si skrekk-verd). Det er også ein fordel å kunne engelsk, då fleire av spela våre har ein del engelsk tekst i seg.

Kostar det noko å vere med?

Det kostar kr. 200 i året for medlemmer 26+ år, og kr. 50 for medlemmer under 26 år.

Når og kvar er det spelingar?

Me arrangerer uregelmessige spelekveldar som kjem etter initiativ frå nokon av medlemmene, og som kan vere kva dag som helst i veka. Alle medlemmer kan ta initiativet til spelingar via Spond; anten same dag eller fram i tid. Vanlegvis startar spelingane kl. 18, men det finnes også spelingar på dagtid; det er berre å melde interesse/initativ, og sjå kva som skjer! I 2025 vart det gjennomført omtrent 90 spelingar; altså omtrent to gonger i veka. All speling skjer i «Spikersuppa» ved nedlagde Undarheim skule; brakka nær rundkøyringa ved vatnet.

Er det påmeldingar til spelekveldar?

Klubben bruker appen SPOND til arrangement. Last ned appen på mobilen din og ta kontakt for å bli lagt til Kvinnherad brettspelklubb! https://group.spond.com/JLFKG

Så korleis melder eg meg inn i klubben eller tek kontakt..?

Enkelt! Send ein e-post til post@brettspel.no, så høyrer du frå oss!