Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Om Kvinnherad brettspelklubb

I nokre år var me ein liten gjeng som samlast av og til og spelte brettspel. Som regel fire-fem stykk om gongen, og veksla mellom å spele heime hos nokon, på hytter eller andre lokale. Kvar tok med seg litt snop, chips og brus, og grunnlaget for ein triveleg kveld var sikra!

Men det er slik at mange spel blir betre dess fleire som er med; nokre av spela fungerer best med åtte spelarar om gongen, medan andre fungerer fint om ein berre er to. Med “den faste gjengen” var me såleis litt for få spelarar. Me skulle så gjerne delt interessa vår med fleire!

Ideen kom difor om å opprette ein brettspelklubb i Kvinnherad. Me ville på det viset prøve å få fleire engasjert i brettspel, noko som ikkje berre gir større variasjon og utfordring i spela, men som også kunne skape ein ny og spennande sosial hobby for langt fleire menneske!

Kvinnherad brettspelklubb vart oppretta i 2010. Den er registert i Brønnøysundsregisteret, samt Norsk tipping sin “grasrotandel”. Me oppmodar alle medlemmer (og gjerne andre!) til å melde klubben inn som mottakar av grasrotandelen i Norsk Tipping. Dette vil over tid generere inntekter, som igjen kjem klubben til gode i form av fleire spel, ekstra forfriskingar under spelingar eller anna. Ingen pengar går direkte attende til medlemmene; Kvinnherad brettspelklubb er ein idealistisk foreining drive på frivillig basis. Me er også medlem av Hyperion, som er eit nasjonalt forbund for fantastiske fellesinteresser.

Me har nett fått nye lokale, og er i dag å finne i tidlegare «Spikersuppa» ved no nedlagde Undarheim skule (brakka som ligg nære rundkøyringa inn til skulen).

Det kostar kr. 200 i året for medlemmer 26+ år, og kr. 50 for medlemmer under 26 år.

Alle medlemmer vert ein del av Kvinnherad brettspelklubb og har tilgjenge til alle spelingane våre. Desse blir annonsert på Spond; meld deg inn i gruppa her: https://group.spond.com/JLFKG

Styret består av tre personar, som årleg står til val.