Reply To: Voidfall

#3803
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig kort oppdatering etter ferdigspelt test fire spelarar.

Aggressivitetsnivå 3/4
Kompleksitetsnivå 2/4
Speletid: Ca. 6 timar.

Speletida er framleis litt for lang, men det blir nok kortare. Merka det allereie i Cycle 2, at symbolikken fall på plass for nye spelarar, og det var meir strategien som tok tid. Realistisk speletid på fire timar? Ja. Voidfall skal fint vere mogleg på ein ordinær spelekveld.

Kompleksitetsnivå 2 førte til at alle fire rasane var nesten heilt like. Fire like Civ-brett, ingen spesielle fokuskort. Dette var litt “kjedeleg” for meg som hadde spelt før, men sikkert greitt for dei tre som var nye, samt at det sikra jo eit nesten identisk utgangspunkt (einast uliksskapen var litt ulike Guilds og sånn).

Denne gongen hadde eg symbolikken meir på plass, og kunne difor tenkje meir på heilskapen. Difor kunne eg sjå Teknologi og Agendakort i samanheng. Dette førte til at eg mot slutten av Cycle 2 hadde full rekkje med Agendakort som alle gav veldig masse influence, samt at Teknologien jobba for meg på alle felt (følte eg).

Det artige er jo at denne strategien fungerte denne gongen, og vil ikkje fungere igjen. For sjølv om ein skulle spelt same scenario, er det ikkje sikkert at eg hadde vore same rase, klart å få tak på same teknologiar og agendakort denne gongen, møtt spelarar som var meir aggressive mot “mitt” område, og eg måtte tenkt annleis.

Eg trur nok det er difor eg likar spelet så godt. Det er ein Sandkasse som gir deg masse moglegheiter, der moglegheitene blir bestemt av kva som er tilgjengeleg av teknologi, agendakort, kva rasar som er i spel, korleis folk speler, kva strategi du går for osv.