Reply To: War of the Ring (1st edition)

#1578
Jarle Haktorson
Keymaster

Det var kjekt å spele War of the Ring igjen! Både 1st og 2nd Edition er inne på topp 100 på BGG. Det kom ekspansjonar til 1st Ed., før 2nd Ed. ornda opp i ein del ting. Ein merkar på 1st Ed. at det er rom for forbetringar, så det hadde vore kjekt å spelt den forbetra 2nd Ed. (eller den små-pene Collectors Ed. til rundt kr. 10.000).

Ting som forstyrrer litt er litt uklare grenser, litt uklare styrkar etc., men ein kjem fort inn i det. For min del fungerer kampkorta bra; om eventen på kortet er veldig bra, er ofte kampeffekten bra også. Så det er heile tida eit val om å spare på kort til ein kamp, eller køyre dei som ein event. I dette ligg jo også å heile tida “analysere” korleis brettet ser ut, kva kort ein har på hand og tilgjengelege terningar (actions). Då kan det vere at du brått ser ein opning som ikkje var der for berre litt sidan. Spennande.

Det er nok også fordel å vite at det finnes enkelte kort; som kortet som aktiviserer Entane og sender dei mot Sarumann; han ønskjer nok betre forsvar når han veit at angrepet kan kome. Det hadde også vore spennande å spelt/sett The Fellowship gå all-in på å kaste ringen i Mount Doom; det trur eg hadde blitt eit vilt kappløp imellom Corruption, krig og skjult vandring.

Klar for å spele igjen!