Reply To: Vindication

#2150
Jarle Haktorson
Keymaster

“You are wretched…but that is not the end of your story. After a lifespent chasing wealth and excess, your cruelty and corruption have finally caught up with you. That’s why you were thrown overboard by your shipmates—left to die in the icy black sea. But in this world of surprises, that was not your destiny. Moments before vanishing into endless darkness, you wash ashore amid the ruins of a remote island where you are revived by a traveler. As you open your eyes to your bizarre new home, you find that something better—something stronger—has awakened inside you. Now, there is work to be done. You have nothing but the beating of your heart, the breath in your lungs, and a tarnished past pleading to be rewritten.”

Dette likte eg godt. Ikkje berre pga. veldig gode komponentar, hundrevis av unike, vakre illustrasjonar og godt organisert spel/lagring, men pga. fridomen og historia det skapar. Det er kalla sandbox, og det forstår eg. Slike spel er ofte mindre prega av poengjag og kalkulerte trekk, og meir av å gjere gøye ting og setje seg sjølv små mål, der ein skapar/får ei historie undervegs.

Vindication ligg litt i mellomspelet her; ein har veldig masse val kvar runde og det er gøy å berre vandre rundt og finne på ting, men du har som regel ein baktanke med det; det å på sikt auke æra di (poeng).

Det føltes likevel ikkje som eit jag; hm, kanskje eg skal få meg ein ny Companion? Hm, den var flink å sloss? Ok, då sloss eg med monster. Oi, monsteret droppa noko som fungerer bra med Relics. Hm, då må eg auke min Vision, slik at eg får tak ein Relic. Hm, då må eg auke min Wisdom først; hm, det kan eg jo gjer der, hm…

Slik blir vegen til medan du går, og det synes eg fungerte utmerka i Vindication. Kvart brett blir unikt kvar gong, og det føltes likevel balansert. Etter første speling trur eg det berre var ca. ti poeng som skilde topp og botn, og eg trur alle hadde det kjekt medan det stod på. Ei speletid på ein halvtime pr. person er realistisk.

Me har berre prøvd det vanilla så langt, men her er valfrie ekspansjonar som kan leggjast til som ein vil:

Treachery: Meir interaksjon/plaging spelarane imellom; flytt dei, stel av dei, mess up stuff.
Jewels/mines: Kan utvinne mineral som kan brukast som betaling til Companions, eller få dei forma om til magiske juvelar (ny kortbunke).
Pets: Kjæledyr! Desse gir ulike eigenskapar, eks. besøke regionar langt borte ifrå deg.
Sacred stones: Teleportasjon rundt på brettet!
Temple ruins: Nye Secret Quests!
Well of wishes: Ønskebrønn som gir forskjellige, ukjende ting.
Building sites: I staden for random draw av nye tiles/terreng, kan du byggje det du vil.
Guilds: Få ein ny, fjerde action kvar runde; bruk Guildet ditt til å fortifisere, blokkere terreng på brettet, betre eigenskapar etc.
Monuments: Bygg eit monument; eige brett. Klarar du det, får du 15 Honor.
Myths and Wonders: Eit svært monster blir plassert midt på øya. Spelarane må samarbeide om å bekjempe det. Etterpå er det deling av Loot.

Og eg har endå ikkje lese på den siste ekspansjonspakken…