Reply To: Virgin Queen

#2812
Jarle Haktorson
Keymaster

Sist gong me spelte (HIS), hadde eg fleire moglegheiter til siger i siste runde før me gav oss (lengre session report i Here I stand-delen). Ein etter ein forsvann options, før me tilslutt var der at Rune måtte få ein 6’ar på terningen, ellers så vann eg. Og så fekk han ein 6’ar, og så gav me oss og gjekk heim (etter elleve timar).

Som Rune påpeika i sin post ovanfor, var eg i fleire slike terningsituasjonar denne gongen også. Eg kunne avgjort tidlegare, men klarte det heldigvis i siste kast (klokka halv to om natta).

Det er noko med denne terningtrillinga eg ikkje er så stor fan av. Det at den er så avgjerande. I andre terningspel er det mykje meir av den, for den representerer då gjerne små slag her og der, som du kan pushe veldig i din favør med god planlegging. I VQ føles alt mykje meir avgjerande, for rundande er lengre, du har mindre du kan gjere (me spelte t.d. berre fire rundar på tolv timar), og dermed involvert i færre terningkast, som alle blir heilt avgjerande. Du kan også pushe litt i VQ, men det meste er likevel opp til Lady Luck; sjølv om eg gjer mitt beste og brukar alle mine CP på å booste opp t.d. kjøp av ein Artist/Scientist, er det 50/50 (om ikkje Artisten kjem frå ein seinare runde i spelet og har god rating).

Eg hugsar lite forskjellar på VQ og HIS, men om det er slik at VQ gir større valfridom enn HIS, vil eg like VQ betre. Dette fordi:

Under denne spelinga prøvde eg først overtale Ottoman til å gi meg Buda utan kamp, mot at Ottoman fekk mykje bra igjen. Dette fordi eg ville ha Buda same kva, og for å sleppe ein utmattande krig for begge partar der begge måtte låse styrkar i området for å krige, kunne dette heller løysast diplomatisk. Om eg hadde lukkast med å få Buda, var planen min å berre halde meg roleg i bakgrunnen, få tak i Artist og Scientist, og satse på ein Balanced victory imellom katolikkar og proestantar.

Diplomatiet fungerte ikkje, så då blei det krig. Tok Buda og gjorde eit forsøk på å få ein Artist; trengte 10 på to terningar, såg at dette var ein tung veg, og såg etter andre options.

Fekk utdelt Irland-kortet, såg at dette var ein options. Brukte ein heil turn (fire kort totalt) til å byggje meg opp diplomatisk til å ta Irland. Når ein runde tek gjerne to timar og eg brukar ca. fire sekund på min tur med ein slik plan, kunne ein kanskje tenkt at dette var veldig kjedeleg. Det var det heldigvis ikkje; dette nok i kombinasjon at det er kjekt å følgje med kva som elles skjer på brettet, samt at det er jo utføringa av ein langsiktig plan som gir frukter (sjølv om eg tapa Irland seinare, tok eg igjen med Papacy).

Men så såg eg at Frankrike ikkje hadde forsterka forsvaret av eine byen sin og ingen andre gjorde framsteg mot den. Hm. Ok, då vart den målet. Når den så var teken, og Frankrike tømte eine byen sin for ta tilbake Paris, var den brått eit mål. Hm. Så vart byen forsterka av mange leigesoldatar, men eg hadde eit kort som fjerna desse. Hm. Så vart det angrep og heldigvis siger der (sjølvsagt etter terningtrilling).

Med andre ord; eg laga planar etterkvart som brettet og korta eg fekk gav moglegheiter. Det synes eg var kjekt. Om det er slik at VQ opnar meir opp for dette enn HIS, om HIS er meir “diktert” i kva enkelt kan/må gjere, set eg nok VQ høgast.