Reply To: Maracaibo

#3775
Jarle Haktorson
Keymaster

Dei to første gongene eg spela dette spelet, elska eg det. Hadde det på 1. plass på kåringa årsmøtet 2021. Har så spelt det nokre gonger igjen sidan då. Framleis eit veldig kjekt spel, men merkar at eg jaktar litt meir på poeng, enn rein “nytelse”. Så problemet er meg, ikkje spelet. Dei første gongene berre farta eg omkring, utforska jungelen, sloss i krigar, traff spennande folk, etablerte handelsstasjonar og lot vinden ta meg der den ville. No tel eg ruter for å lande på rett plass i jungelen, ser på kva land som gir meg mest poeng i krigen, ser på verdiar på korta, byggjer stoppestadar om det gir gevinst og tenkjer kynisk i høve å ta oppdrag og plassar før andre. Det har jo berre med innstilling å gjere; eg kan sikkert endre meg tilbake igjen.

Eit anna spel eg hadde det slik med, var Lost Ruins of Arnak. Der storkosa eg meg dei første tre-fire gongene, før det glei over i å sjå brikker og poeng heller enn skumle farar og mystiske oppdagingar. Kanskje det er “naturleg” utvikling? Usikker. Maracaibo er framleis eit veldig gøy spel med veldig mange moglegheiter; sist speling hadde veldig ulik spelestil, der me alle tre enda på over 200 poeng og innanfor 10% av kvarandre.