Eit luftig «tile laying-spel». Du startar med ei borg og velgjer tiles som du byggjer i eit 5×5 system (noko som ikkje alltid går bra). Du sankar poeng ved å kombinere terrengtype multiplisert med crowns i terrengtypen. Du kan også byggje bygningar om du har tomter i riket ditt. Skattelegg med riddarar og bygg flest tårn for å få gunsten til dronninga (som gjev rabatt på bygningar og fungerer som crown på slutten av spelet). Der er også ein drage du kan hyre for ein gullmynt, som då gladeleg brenn ned ein bygning i butikken du ikkje vil andre spelarar skal få.
45 min speletid.