Rising for the Throne

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2096
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette terningspelet blandar karakterar ifrå Game of Thrones, Asterix, Harry Potter og eg veit ikkje kva inn i ein kamp om å først nå 16-20 poeng, alt etter talet på spelarar. Det skal ta ca. 45 minutt, men var ikkje heilt verdt det etter første gjennomspeling.

    Du kastar terningar med symbol på og skal prøve å lage gode komboar av dei. Ulike komboar gir ulike ressurspoeng, og dei ressurspoenga nyttar du til å kjøpe betre kort som ligg på bordet. Korta gir deg t.d. nye komboar, men også eigenskapar som å øydelegge andre sine kort etc. Alle gir deg også poeng, slik at du til slutt kan vinne spelet.

    Første gjennomspeling var prega av å forstå/tolke alle symbola; det går nok betre neste gong, men litt unødvendig med så mange symbol. At komboane var ulike på dei ulike spelarane gjorde ikkje ting betre. Men største ankepunktet var at alle opplevde ein crawl for å nå dei siste poenga sine: Alle kom raskt opp i 15-16 poeng, men så gjekk det fleire rundar det ingen klarte å få dei siste poenga sine (me var fire og måtte ha 18 poeng for å vinne).

    Det kan godt hende ting går betre neste gong når ein kan spelet (det er eigentleg veldig lett, med 1.33 på BGG, omtrent likt med Ludo), så eg er villig til å teste det på ny for å “oppdage” korleis det eigentleg fungerer, men første gjennomspeling var ikkje heilt i toppen.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.