Vedtekter

FØREMÅL OG MEDLEMSKAP

§ 1 Kvinnherad brettspelklubb er ei foreining basert i Kvinnherad kommune, med føremålet å fremje interesse og engasjement for brettspel. Dette inneber å etablere eit fast tilbod der brettspel kan drivast som hobby. Kvinnherad brettspelklubb baserer seg på frivillig engasjement, og er partipolitisk og religiøst uavhengig.

§ 2 Ein melder seg inn i Kvinnherad brettspelklubb for eitt år om gongen. Som medlem reknast alle som har betalt kontingenten for inneverande år. Styret avgjer kontingenten.

§ 3 Alle medlemmer har tilgjenge til Kvinnherad brettspelklubb sine spelekveldar. Viss det er ledig kapasitet, kan ikkje-medlemmer også få tilgjenge til spelekveldane.

§4 Styret kan avvise medlemmer og bortvise personar frå speling dersom det er saklig grunn til dette. Medlemmer som undergrev Kvinnherad brettspelklubb sine aktivitetar eller føremål kan ekskluderast av styret. Styret sine vedtak etter denne paragrafen kan ankast til årsmøtet.

ÅRSMØTET

§ 5 Årsmøtet er Kvinnherad brettspelklubb sitt øvste organ, og skal haldast kvart medlemssår innan utgangen av februar. Styret kallar inn til årsmøte med minst éi veke varsel. På årsmøtet deltek alle medlemmer som har betalt medlemskontingenten i forkant av møtet, med tale-, forslags- og stemmerett. Følgjande saker skal alltid takast opp på årsmøtet: 1. Val av møteleiar og referent. 2. Årsmelding frå styret. 3. Vedtektsendringar. 4. Val av leiar/styremedlemmer.

§ 6 Styret er det øvste organet i foreininga mellom årsmøta. Styret består av tre styremedlemmer vald av årsmøtet, der ein av dei skal vere leiar. Styret sit fram til neste årsmøte, og har fullmakt til å supplere seg sjølv ved fråfall.

§ 7 Det vert halde ekstraordinært årsmøte viss styret eller minst 1/3 av medlemmene krev det. Innkalling må sendast med minst ei veke varsel, og berre sakene nemnt i innkallinga kan takast opp.

STYRET

§ 8 Styret er berre vedtaksdyktig når minst halvparten av styret sine medlemmer er til stades. Det vert halde styremøte dersom leiar eller minst to styremedlemmer krev det. Styret sin leiar er ansvarlig for foreininga sine økonomiske disposisjonar. Styret kan også tildele andre personar disposisjonsrett.

§9 Eit styremedlem må vere på val kvart år. Styreval skal handsamast etter følgjande prosedyre:

– Alle medlemmer kan stille til val i styret

– Årsmøtet vel to medlemmer som fungerer som teljekorps. Alle stemmene skal teljast av begge.

– Det nye styret trer i kraft umiddelbart etter at årsmøtet er avslutta. Styret konstituerer seg sjølv. Dei vel leiar for to år, og to styremedlemmer for høvesvis eitt og to år.

YMSE

§ 10 Vedtektene er Kvinnherad brettspelklubb sine øvste regelverk, og kan berre endrast ved 2/3 fleirtal på eit årsmøte. Forslag til endring av vedtektene må vere sendt styret seinast ei veke før eit årsmøte. Ei vedtektsendring trer ikkje i kraft før etter årsmøtet den vert vedteke på er heva, med mindre årsmøtet vedtek noko anna.

§ 11 Alle vedtak i Kvinnherad brettspelklubb sine organ krev alminneleg fleirtal viss ikkje anna er spesifisert i vedtektene. Ved likt tal stemmer i styret eller på årsmøtet avgjer leiar si stemme. Medlemssår og regnskapssår skal følgje kalenderåret.

§ 12 Kvinnherad brettspelklubb kan berre oppløysast med 2/3 fleirtal på eit ordinært årsmøte og eit påfølgjande ekstraordinært årsmøte der oppløysing er einaste sak som skal handsamast. Ved oppløysing avgjer årsmøtet fordelinga av Kvinnherad brettspelklubb sine midlar.