Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Here I Stand › Reply To: Here I Stand
Berre av å lese referatet du har skrive så skjønar ein at spelet inneheld veldig mykje. Nesten tolv timar var tungt. Eg hadde ikkje trudd me ville sitje så lenge. All ære til Espen som aldri har spelt HIS før, og som klarte å halde Frankrike på føtene med nokså god poengscore heile vegen.
Det var greit å styre to powers, og det var interessant å sjå England komme i posisjon til å vinne. Protestants var krevjande, men artig med tanke på korleis reformeringa hadde innverknad for England. Papacy skulle hatt meir stabil juling undervegs.
Det var veldig tilfredstillande å spele 7 av 9 rundar HIS. Eg er god og mett no, men er klar for nye rundar i framtida. Eg føler at diplomati og spenning har utvikla seg bra og det kan berre bli betre no når me veit kva som kan skje utover i spelet. Draumen er 6 spelarar med intense diplomatiske diskusjonar. Heilt konge!