Litt meir om brettspel

Litt meir om brettspel

Korleis ville du gått fram for å foreine Japan i mellomalderen? Korleis ville du styrt ein intergalaktisk sivilisasjon med overlegen teknologi i møte med menneskeheita? Kva ville skjedd om Hitler-Tyskland hadde sigra over Storbrittania? Korleis ville det vore å vere ein del av ei svunnen tid, eller med magiske evner i ei fantasifull verd?

Brettspel let deg prøve alt dette, samstundes som du har det kjekt og sosialt saman med venner! Som du skjønar, er spela i Kvinnherad brettspelklubb noko heilt anna enn typiske familiespel som monopol eller geni, eller klassiske tomannsspel som sjakk og yatsy. Våre spel er utviklande, spennande, interaktive, men ikkje minst; det er summen av dine eigne ferdigheiter og val undervegs som avgjer om du står att som vinnaren!

Sjølv om målet med brettspel oftast er å vinne, er det ikkje slik at nokon eigentleg ”tapar”; du ryk ikkje tidleg ut, og sit ikkje og ventar på at resten skal bli ferdige. Spela er konstruerte slik at alle har det kjekt medan spela held på, du er med heile tida, og vinnaren vert som regel klar først når spelet er nær sin ende. Og sjølv om det ikkje skulle vere akkurat du som vann denne gongen, er me viss på at du har hatt ein særs triveleg kveld (og i nokre av spela samarbeider også spelarane heile vegen fram mot målet!)

Du kan finne liste over spel klubben og medlemmer har i hovudmenyen under “Kva spel har me?”