Om klubben

Om Kvinnherad brettspelklubb

I nokre år har me vore ein liten gjeng som har samlast av og til og spelt brettspel. Som regel fire-fem stykk om gongen, og veksla mellom å spele heime hos nokon, på hytter eller andre lokale. Kvar har teke med seg litt snop, chips og brus, og grunnlaget for ein triveleg kveld er sikra!

Men det er slik at mange spel blir betre dess fleire som er med; nokre av spela våre fungerer best med åtte spelarar om gongen, medan andre fungerer fint om ein berre er to. Med “den faste gjengen” har me såleis vore litt for få spelarar, men ei anna utfordring har også meldt seg; me er i større grad i stand til å “lese” kvarandre sin spelestil. Me skulle så gjerne delt interessa vår med fleire…

Ideen kom difor om å opprette ein brettspelklubb i Kvinnherad. Me vil på det viset prøve å få fleire engasjert i brettspel, noko som ikkje berre gir større variasjon og utfordring i spela, men som også kan skape ein ny og spennande sosial hobby for langt fleire menneske!

Kvinnherad brettspelklubb er registert i Brønnøysundsregisteret, samt Norsk tipping sin “grasrotandel”. Me oppmodar alle medlemmer (og gjerne andre!) til å melde klubben inn som mottakar av grasrotandelen i Norsk Tipping. Dette kan over tid generere mange pengar, som igjen kjem klubben til gode i form av fleire spel, ekstra forfriskingar under spelinga eller anna. Ingen pengar går direkte attende til medlemmene; Kvinnherad brettspelklubb er ein idealistisk foreining drive på frivillig basis.
Alle medlemmer vert ein del av Kvinnherad brettspelklubb. Styret består av tre personar, som årleg står til val.

For året 2019 utgjer følgjande personar styret:

Leiar: Jarle Haktorson
Styremedlemmer: Ola Grasdal og Tor Inge Oftedal
Fullstendige retningslinjer for klubben kan du lese her. Opne som PDF-dokument her.