Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Må eg kunne reglane på førehand eller vere veldig kunnskapsrik for å vere med?

Du treng ikkje kunne nokon reglar eller ha spelt brettspel før for å vere med; me lærer deg det du treng i løpet av kort tid, og så set me i gong! Ingen av spela våre krev nokon kunnskapar på førehand, sjølv om du sjølvsagt får meir ut av spela om du kjenner temaet/miljøet som dannar ramma for spelet (eksempel her er spelet Shogun som tek for seg samlinga i føydal-Japan på 1500-talet, Axis & Allies ifrå 2. verdskrigen, eller Arkham Horror som tek deg inn i forfattaren H. P. Lovecraft si skrekk-verd). Det er også ein fordel å kunne litt engelsk, då fleire av spela våre har ein del engelsk tekst i seg. Men dette kjem du fort inn i!

Er det ei aldersgrense for å vere med?

Nei, det er det ikkje, men dei som møtes er som regel alle over 18 år. Ikkje fordi me meiner at ungdom under 18 år ikkje passar til brettspel eller klarar seg dårlegare enn eldre spelarar, men det blir ein meir vaksen profil når me møtes for å spele, der spelarane møter likesinna i tilnærma alder og livsfase.

Kostar det noko å vere med?

Alle kan vere med gratis første gong!

Medlemskontingenten i Kvinnherad brettspelkklubb vert så sett til usle 50 kroner i året, der pengane i hovudsak går til å betale nettsida vår. Spela er forholdsvis dyre (rundt kr. 600 stykket), så det seier seg sjølv at skal klubben sjølv investere i nye spel, må me anten auke medlemsavgifta, eller ha eit spleiselag blant medlemmene. Heldigvis har me allereie bygd opp ei brukbar spelsamling, og medlemmene kjøper gjerne spel frå eiga lomme, til stor glede for alle (inkludert eigaren!). På sikt er det sjølvsagt aktuelt å søkje støtte/sponsing til innkjøp av spel, slik at me får ei variert og stor samling der alle har sine favorittspel!

Når og kvar er det spelingar?

Me arrangerer uregelmessige spelekveldar som vert kjem etter initiativ frå nokon av medlemmene, og som kan vere kva dag som helst i veka. Forumet vert nytta for å planleggje spelingane. Lokasjon blir bestemt av dei som melder seg på ein spelekveld.

Er det påmeldingar til spelekveldar?

Klubben bruker appen SPOND til arrangement. Last ned appen på mobilen din og ta kontakt for å bli lagt til Kvinnherad brettspelklubb.

Så korleis melder eg meg inn i klubben eller tek kontakt..?

Enkelt! Send ein e-post til post@brettspel.no, så høyrer du frå oss!