Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Root › Reply To: Root
Dei despotiske kattane har overteke skogen. Det første dei gjer er å sende inn okkupasjonsstyrkar overalt og startar ei storstilt industrialisering. Dette er eit hardt slag for dei aristokratiske fuglane, sidan det var dei som sat med makta før kattane kom. Mellom desse prøver så Skogsalliansen å skape harmoni og sympati, medan dei eigentleg er kaldblodige og effektive mordarar av alle som står imot dei. Og så har me den einsame omstreifaren som tuslar rundt og utfører sine eigne oppdrag og smiler og får venner, får han brått har hjernevaska dei og skubbar dei i kampar føre seg.
Første gjennomspeling var vellukka og veldig gøy. Det er fire totalt asymmetriske faksjonar som står imot kvarandre. Det krever nok ein del gjennomspelingar for å vite kva som skjer, men du vil aldri ha kontroll. Det er nok det som blir det kjekke med dette spelet; når du veit kva du/andre kan gjere, men aldri kva som vil skje. Det er difor mange også har kalla dette eit slags sandkasse-spel; her er det fleire strategiar og vegar mot målet.
Og målet? Få 30 poeng. Eller du kan i løpet av spelet hoppe av poengmålet og heller gå for å kontrollere sentrale punkt på brettet. På første gjennomspeling var kattane ein periode nær å kunne vinne på kontroll, men omstreifaren kom sterkt dei to siste rundane og gruste alle.
Omstreifaren får poeng i hovudsak ved å utføre oppdrag, crafte ting, få venner, eller drepe fiendar. Men skal han gjere mykje av dette, må han bruke gjenstandar; gjenstandar han ofte stel ifrå dei andre spelarane. Fuglane får mest av sine poeng ved å etablere reir rundt omkring i skogen. Dei har ikkje gjenstandar som styrer kva actions dei har; dei må programmere runden sin kvar gong og feilar dei i programmeringa; vel, då vert det opprør i fugleleiren, leiaren vert styrta, poenga rasar, og ein ny leiar vert sett inn. Kattane får fleste av sine poeng ved industrialiseringa av skogen, men er også slagkraftige nok til å knuse andre sine plassar rundt på brettet og scorar poeng der også. Skogsalliansen får fleste av sine poeng på å spreie sympati rundt om på brettet, men ser han at mange dyr seg på same plass, går han ikkje av vegen for å sprenge alle til helvete.
Som sagt; spelet opnar for veldig mange morosame øyeblikk og eg trur ein har dei gøy same korleis det går. Spelet er heller ikkje så langt og to timar speletid er nok realistisk.