Reply To: Star Wars: Outer Rim

#1967
Jarle Haktorson
Keymaster

Nokre spel spelar eg og tenkjer “Jaja, greitt spel”. Andre spel får eg umiddelbart lyst til å skrive eit innlegg om. Andre igjen får eg lyst til å lese litt på reglar på, då det er ting som skurrar, men som har såpass potensiale at dette vil eg finne meir ut av og spele meir av.

Det var det i Outer Rim, men Sten Ole var tidlegast ute med regellesinga. Punkta ovanfor løftar spelet mykje for min del; i alle fall slik eg spelte det.

Eg er klar for ein ny runde eller to, og så Xia igjen om ei stund for å vurdere dei imot kvarandre. Spela er såpass like at det spørs om det er “plass” til begge kanskje..?