Reply To: Nemesis

#2305
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig bra spel. Eit av dei mest atmosfæriske me har. Å ha sett Alien og Aliens og ha dei i bakhovudet når du speler gir stor immersion; få spel skapar så god/skummel stemning.

Elles er eg samd i alt som Rune og Ole skriv, med to unntak:
“…med forventningane skrudd lågt”: Dette spelet har eg følgd sidan Kickstarteren (og tipsa Rune om det) og hatt veldig store forventningar til. Selskapet bak leverer kvalitetsspel og dette byggjer på eit univers kjend av millionar av menneske. Forventningane mine var veldig store, og dei vart særs godt innfridde!

“…sjanse for tidleg player elimination (dette vart aldri aktuelt for oss første spelekveld.”: Første gjennomspeling, på andre av i alt potensielt 15 (?) rundar, var eg eit terningkast ifrå å døy. Altså etter ca. 20 minutt. I neste runde, etter ca. 30 minutt, var eg igjen eit terningkast frå å døy, denne gongen med større dødsodds. Og i andre gjennomspeling, etter ca. 25 minutt, var eg klar til å bruke 1 action på å forsegle Thomas fast inne i rommet, og så på andre action få alle til å passe. Hadde ikkje Sten Ole prøvd seg på noko liknande først, slik at Thomas på sin tur fekk knust døra, hadde eg klart å drepe Thomas i runde 2 eller noko slik. Og det spelet varte i ca. fire timar. Det hadde sikkert ikkje teke så lang tid om Thomas hadde døydd, men det set ting i perspektiv.

Dette er både styrke og svakheit med spelet. Svakheit at det kan føre til meta-speling; eg vil ikkje at Thomas skal “gå heim” fordi han er ute, men samtidig er det jo oppdraget mitt å drepe han. Så kva gjer eg? Samtidig er det veldig spennande at du faktisk kan døy. Då bryr du deg veldig. Det var ikkje utan grunn for at eg i første runde brukte tre-fire rundar berre for å kome meg på sjukestova og helbrede meg. Vel, det hjalp jo lite når skipet eksploderte og alle døde då, men… Men det er noko anna å ta vare på livet ditt her enn t.d. Dead of Winter; ok, moralen går ned, men du får ein ny character. I Nemesis er langt meir på spel.

Klassespel.