Reply To: Tainted Grail – Fall of Avalon

#2667
Jarle Haktorson
Keymaster

Prøvd. Me brukte ein kveld, og den kvelden var…blanda.

Det har nok mykje med forventningane eg hadde; eg trudde det skulle vere meir RPG enn det faktisk var; då tenkt at eg faktisk fekk spele ut personen min. Difor valte eg ein healer med store diplomatiske evner og empati som eg tenkte skulle snakke seg ut av situasjonar og bli godt likt; eg byrja også spelet med eit godt rykte. Men alt er tilfeldig; eg får ikkje spele personen min; eg er låst til kva som står i boka eller locations. Så når eg treff ein gjeng folk i eit hus, er det option A eller B eller C eg må velje, og det har ingenting med kven eg er som person. Eller at eg trekk mange combat-encounters. Einaste gongen eg fekk “brukt” karakteren min følte eg, var siste encounter (etter fire timars spel), der eg og Rune tilfeldigvis trakk ein Diplomacy-encounter, men der Rune sin karakter hadde dei rette korta/kombinasjonen som løyste situasjonen.

Det er også noko med speletida. Eg såg på klokka og trakk eit ny location. Etter 21 minutt var eg ferdig med å få lese alternativ og hatt ein kamp mot eit monster. Så var det Rune og Sten Ole sin tur. Det tok 45 minutt før dei var ferdige. Så var det min tur; sidan eg var skada etter førre kamp, brukte eg ca. 7 sekund på å flytte meg til ein trygg plass for å heale og samle mat. Så var det Rune og Sten Ole igjen. Og ny venting….

Så kan ein sikkerte seie at det ikkje er “venting”, men å lytte/ta del i dei andre karakterane sin historie. Men det er ein del random events som ikkje er så interessante for andre å lytte på, eller å sjå på medan dei prøver å finne perfekte kombinasjonar av kortstokken sin når dei skal sloss…

Likevel; eg ser at dette er eit kjekt spel. Men det fungerer ikkje så godt som “tilfeldig” spel, meiner eg. Det må spelast som den kampanjen det er. Då trur eg også ein finn det som skjer med andre meir interessant og du får fleire sjansar til å “skinne” med personen sin. Så to-tre stk. korona-låst i eit hus i 14 dagar med Tainted Grail trur eg hadde vore kjekt 😉