Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Virgin Queen › Reply To: Virgin Queen
Eg kan forstå at terningsystemet her er litt nervepirrande, men eg vil heller ha det slik enn å sitje i 15 minutt og trille fram og tilbake der eg blir surare for kvart trill.
I kamp kan du førebu deg ganske mykje med oppbygging, posisjonering og kanskje skaffe deg combat cards gjennom diplomati. Spenninga med berre eitt trill og lykken ved siger og dei latterlege historiane ved tap gjer det gøy.
Når det gjeld scientists så er dei der for å skaffe deg teknologi og poeng. Støtten til desse kan boostast til +2 med 4 CP. Kunstnarane støttast på same måte, men gjev deg berre VP. Det blir ei investering som gjev utbytte eller ei latterleg historie.
Som Jarle skriv, og noko av det eg likar best med spelet er at sjølv om turen din er kjapp og runden er lang, brukar du ventetida på dynamisk planleggjing medan du følgjer med på det som skjer på brettet. Reglane er ein barriere, men spelet blomstrar og dei er verdt strevet.
Om eg likar HIS eller VQ best veit eg ikkje. Eg må teste HIS ein gong til sidan eg stort sett har vandra rundt i regeltåka under speling. Desse tolv timane med VQ var uansett berikande og gøy.