Reply To: Tekhenu

#3028
Jarle Haktorson
Keymaster

To rundar prøvd, veldig ulik strategi. Første gong gjorde eg nesten litt av alt, statuar, hus, søyler osv., men kjøpte ingen kort. Eg fekk ok score. Andre gong gjekk eg all-in på kort, ingen statuar, søyler og berre få hus for å få happiness nok til å kjøpe kort. Fekk omtrent lik score. Det er ein styrke; at ein kan ta ulike vegar fram mot målet, og framleis få det bra til.
Likevel synes eg personleg det er ein svakheit at alt er poeng og jakt på poeng, og ikkje noko meir enn det. Dei fleste spel er jo jakt på poeng, men det er veldig ulikt korleis dette vert gjort. Etter ein runde med Tekhenu sit eg ikkje med kjensla av å ha opplevd noko eller morosamme situasjonar eller følt noko som har med Egypt å gjere; alt er “tuning” inn mot poeng og blir då rein matematikk og “fonuftige” trekk.
Dette vart ekstra synleg i går, då me spelte “Arnak” etterpå. Også her er det poeng som avgjer vinnaren, også her er det ulike vegar å ta undervegs, men her hadde eg veldig lite fokus på poeng undervegs, hadde det underhaldande og kjekt undervegs i kamp med monster og utforsking, kjøpte rare ting på butikken og lo av sjimpansar som samla gull.
Det er jo reint personlege preferansar og kva ein “les” inn i spel, men dagen etter hadde eg null tankar på Tekhenu (kanskje med unnatak av 2 + 2 = 4), medan eg tenkte med glede på korleis eg og assistenten min klarte å finne veg til innerste del av jungelen, på skattane me fann der, monsteret som møtte oss og korleis me klarte å flykte ifrå det.